![](/nyheiter/toffe-jenter-klar-for-kamp/_/image/9ae31962-8218-4a27-8835-35c9b417543e:cf43821eaa98984d77203f5e45f25aec35d07d63/wide-1600-900/NC%20puljevinnar%20Sogn%20Avis.png.jpg)
Tøffe jenter klar for kamp
Telenor cup J16: Sogndal - Vålerenga
Laurdag 26.aug kl. 17:00 skal Sogndal J16 spele 1/8-finale i Telenor cupen mot Vålerenga på Fosshaugane Campus.
Hovudtrenar Jan Rune Årøy kan fortelje at laget gleder seg til kamp.
- Me ser på kampen i morgon som ei gullerot, og som ein moglegheit til å sjå korleis me står samanlikna mot dei beste jentene (laga) i landet på vår alder. Me veit at Vålerenga har eit veldig godt lag med fleire landslagsspelarar som det skal bli kjekt å måle krefter mot, fortel Årøy.
- Vårt fokus er å gå på bana for å utøve vårt spel, og gjere så godt me kan for å hindre Vålerenga for å få til sitt spel. Så får me akseptere at Vålerenga er favorittar.
- Å få besøk av Vålerenga på Fosshaugane Campus er sjølvsagt stort for oss då ein veit kva tradisjonar denne klubben har både på herre- og jentesida. Når me først fekk heimekamp så kunne me ikkje fått noko meir attraktiv motstandar, seier Årøy.
- Sjølv om eg trur jentene er svært spente og nervøse, så veit eg at dei gleder seg fantastisk mykje til denne kampen.
- Så får me berre håpe på ein spennande og underhaldande cupthriller på Campus i morgon, avsluttar Årøy.
Gratis inngang og enkel kiosk.
![](/_/asset/no.seeds.app.football:00000194b25fa440/img/blank.gif)
![](/_/asset/no.seeds.app.football:00000194b25fa440/img/blank.gif)
![](/_/asset/no.seeds.app.football:00000194b25fa440/img/blank.gif)
![](/_/asset/no.seeds.app.football:00000194b25fa440/img/blank.gif)