
Travel helg for utviklingsavdelinga
Full fres mot god motstand
Utviklingsavdelinga har ein travel periode foran seg.
I helga tek G13- og G15-laga våre seg til Bergen, der dei skal delta på turnering nasjonalt tiltak. Åsane er vertskap.
G13 er i pulje i lag med Brann, Lillestrøm og Sandefjord.
G15 er i pulje i lag med Brann, Fredrikstad og KFUM
G18-laget vårt skal spela to kampar i nasjonal serie. Laurdag 2. april er det kamp på Fosshaugane mot Brann. Avspark er klokka 15:00. Stream til kampen er her
På tysdag 5. april skal G18-karane møta Arabarane frå FK Haugesund. Avspark på Fosshaugane er klokka 12:00, stream til kampen finn du her
G16-laget vårt skal også spela kamp i nasjonal serie. Søndag 3. april klokka 12:00 er det avspark på Fosshaugane mot Raufoss, og stream til den kampen finn du her
Me ønskjer lukke til!