Trenarteama på gute- og herresida er endeleg klare!
Dette er gjengen som skal ha ansvar for ungdomslaga og Sogndal 3 i 2024! Breiddefotballen
Etter ein omfattande prosess ved utgangen av 2023 og inn i 2024, vart det etablert eit samarbeid mellom Sogndal Fotball og Studentspretten. Klubbane formar no samarbeidslaget; Sogndal 3/Studentspretten 3.
I løpet av dei siste åra har Sogndal Fotball opparbeida eit godt samarbeid med studentmiljøet, med mange studentarressursar inne i klubbroller. Engasjementet, kreativiteten og pågangsmotet har vist seg svært nyttig, samt som dei er gode på å byggje kultur. Då er det svært gledeleg at samarbeidet vert meir systemsett framover!
Seniorlag - Sogndal 3/Studentspretten 3
Sogndal 3/Studentspretten 3 skal spele i årets 6. divisjon og vil kjempe i fleire intense lokaloppgjer! Det er svært gledeleg å endeleg ha hovudtrenar på plass for laget – Ørjan Hjellhaug. Han vil ha få med seg ein ekstra assistent etterkvart, men me er glade for at Ørjan no har sagt ja til å halda fram.
På lik linje med damesida ønskjer Sogndal Fotball kontinuitet i hovudtrenarrolla for seniortilbodet i breidden og er svært glade for at Ørjan held fram. Dette er ein trenar som verkeleg kan det å skapa kultur og gode fotballminner for spelarane han har rundt seg. Han vil også halde fram med den enorme innsatsen han legg ned som «alt mogleg mann» på arrangement i klubben.
Laget kan endeleg byrje med treningar kommande veke. Dette er noko me veit at fleire har gleda seg til!
- Hovudtrenar: Ørjan Hjellhaug
- Trenar: Martin Salbu
- Trenar:
Ungdomslag – Sogndal G15/17
- Hovudtrenar: Jim Skarstein
- Trenar: Tord Aannerød
- Trenar: Viljar Mogstad
Ungdomslag – Sogndal G13/14
- Trenar: Geir Inge Heggestad
- Trenar: Jan Kjetil Fardal
- Trenar: Vegard Fusche Moe
- Trenar: Rasmus Hauan Gulvåg
- Lagleiar: Marianne Strypet
- Lagleiar: Camilla Reppen Solberg
Me ønskjer alle laga masse lukke til med sesongen!
STAO NO PAO!