Treningskamp 2025: Åsane - Sogndal

Endeleg er me klare for generalprøve!

Åsane - Sogndal

  • Søndag 23. mars kl. 15:00

  • Åsane Arena

  • Treningskamp 2025

Ei lang oppkøyring nærmar seg slutten, og no gjenstår det berre ein kamp før seriestarten. Me møter Åsane på bortebane i det som blir generalprøven før årets sesong!

Om Åsane

Åsane kjenner me godt frå OBOS-ligaen, og dei siste åra har dei vore stabile på landets nest øvste nivå. Sidan 2015 har dei berre spelt 1 sesong i PostNord-ligaen, og i nokre sesongar har dei også vore med å kjempa om kvalifisering til Eliteserien. Morten Røssland var trenaren som tok laget tilbake til OBOS-ligaen på fyrste forsøk i 2019. I sesongane etter har han levert gode prestasjonar med laget, men i fjor vart partane samde om å avslutte arbeidsforholdet halvvegs i sesongen. Vår tidlegare trenar, Eirik Bakke, overtok ansvaret og berga plassen med god margin. No er dei klare for ein ny sesong, og me gler oss til fleire tette duellar.

Klare for generalprøve

Etter treninga på onsdag fekk me ein prat med Kasper Skaanes og Patrik Karoliussen. Fyrstnemnde hadde bursdag i går, og har no fylt 30 år. Litt ekstra rutine kan kome godt med når det nærmar seg seriestart:



Kampen spelast på søndag, og for andre kamp på rad spelar me på Åsane Arena. Det gir ein ny moglegheit for sogningar i Bergen å sjå laget live før seriestart. Me håpar å sjå dykk der, og gler oss til ein ny test. Sogn Avis/Direktesport sender kampen for dei som ikkje har moglegheit til å reise. I tillegg skal me oppdatere i våre eigne kanalar, så følg med på story i sosiale medium.

Sjå kampen her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: