Treningskamp: Brann - Sogndal

Her er litt info før generalprøven på Åsane Arena

Ei lang sesongoppkøyring er heilt på oppløpssida. No gjenstår éin treningskamp og éi veke med finpuss, så er me klare til serieopning mot KFUM på Ekeberg 2. påskedag. Men først:

Generalprøve mot Brann på Åsane Arena!

Det er alltid spesielt å spela mot Brann, uansett serie-, cup, eller treningskamp, det å møta storebror er eit høgdepunkt i løpet av året.

Ein som kjenner Brann veldig godt er no i Sogndal. Han er ikkje heilt klar for spel enno, men Kasper Skaanes gler seg til kamp. Me tok ein prat med han etter treninga i går.





Rune Bolli Bolseth har spelt mange tette kampar mot erkerivalen og gler seg veldig til kampen.

Det bur mange sogningar i Bergen - I dag håpar me at mange av dei tek på seg Svart og Kvitt og legg turen til Åsane Arena!

Sogndal og Brann to to felles samarbeidspartnarar: Sparebanken Vest og Frydenbø. Me reiste ein tur innom dei for å høyra om det hadde vore litt rivalisering avdelingane i mellom i forkant av kampen - sjå video på Facebook

Me har hatt både snøstorm slik at treninga vart flytta inn og strålande påskesol den siste veka. Her er eit lite biletgalleri frå treninga på fredag.

 Det er vårleg i Bergen i dag, fortel Yr oss. Det skal vera sol og lett vind og rundt 8-9 grader under kampen.

Kjøp billett til kampen her

Treningskamp - Generalprøve
Brann - Sogndal
Åsane Arena
Avspark klokka 13:00

Kampen blir streama i Sogn Avis 

Har du abonnement i Sogn Avis eller ei anna Amedia-avis kan du oppgradera abonnementet med 50 kroner pr. månad og få tilgang til mykje bra sport; slik som treningskampar, Eliteseriekampar, Toppseriekampar og OBOS-ligakampar gjennom sesongen. Les meir om dette her

Me gler oss til kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: