Treningskamp: Sogndal - Hønefoss
Årets andre treningskamp spelast mot Hønefoss! A-laget
Sogndal - Hønefoss
-
Laurdag 25. januar kl. 13:00
-
Sognahallen
-
Treningskamp 2025
Me er godt i gang med treningskampane, og på laurdag er det allereie klart for kamp nr. 2 i 2025! Hønefoss kjem på besøk til Sognahallen, og me håpar på ei ny god gjennomkøyring med mykje folk i hallen! Velkommen på kamp!
Hønefoss rykka endeleg opp frå 3. divisjon i 2024 etter fleire år på nivå 4. Det betyr at dei skal spele i PostNord-ligaen i 2025, og blir ein ny tøff motstandar for oss. I 2024 vann dei avdelinga si med god margin og sikra det etterlengta opprykket. Tilbake i 2015 rykka dei ned frå OBOS-ligaen, og nokre sesongar seinare gjekk turen vidare ned til 3. divisjon. Sidan nedrykket i 2018 har dei kjempa på øvste halvdel av tabellen utan å nå heilt opp til opprykksplassen. Det toppa seg i 2023 då Hønefoss og Eidsvold Turn var dei to suverene laga i avdelinga. Hønefoss var ubesigra på tabelltopp 3 rundar før slutt, men tapte den avgjerande kampen mot nettopp Eidsvold Turn. Det var difor sistnemnde som rykka opp, og Hønefoss enda på ein sur andreplass. I 2024 var det derimot ingen tvil: Ubesigra gjennom ein heil sesong, og suverene avdelingsvinnarar.
Hønefoss scora imponerande 117 mål på 26 seriekampar i fjor. Det betyr at dei scora i snitt 4,5 mål per kamp, og med berre 17 mål i mot enda målskilnaden på 100 plussmål. Toppscorar Hugo Benjamin Svensson scora heile 34 mål, medan Brage Berg Pedersen stod for 27 av dei. Det må seiast å vere ein effektiv duo på topp for vår neste motstandar. Hovudtrenar for Hønefoss er Gunnar Halle, som har lang erfaring som trenar i norsk fotball. Frå 2015-2023 var han blant anna ein del av landslagsskulen og trenar for ulike aldersbestemte landslag.
Vårt førre møte med Hønefoss var i oktober 2015. Mange hugsar kanskje den overbevisande 5-2-sigeren på AKA Arena, som sikra opprykket tilbake til Eliteserien på fyrste forsøk. I heimekampen det same året vart det også siger. Kristian Fardal Opseth scora 2 mål og avgjorde kampen til 2-1 med eit skot frå 53 meter! Det same året møttest me også i den 3. runden av NM. Denne gongen var det Hønefoss som trakk det lengste strået og vann 2-1 på Fosshaugane Campus. Sesongen enda som nemnd med opprykk for oss og nedrykk for Hønefoss, og me har difor ikkje spelt i same divisjon sidan.
Karadn jobbar godt på feltet, og det er høg intensitet på treningane. Pimenta og resten av teamet har detaljerte planar på korleis laget skal bli best mogleg rusta til seriestart, og på vegen møter me Hønefoss. Etter trening fekk me ein prat med toppspelarutviklar Patrik Karoliussen som fortel litt kva som ventar oss på laurdag:
Jacob Flaten viste fram venstrefoten sin, og noterte seg for årets fyrste målgivande pasning mot Lysekloster. No er han og resten av laget klare for ein ny kamp, og Jacob fortel om oppstarten under Pimenta:
Det var kjekt å sjå ei nesten full tribune i Sognahallen førre laurdag. Me set stor pris på å sjå dykk på kamp, og gler oss til å ta i mot dykk igjen mot Hønefoss. Det er gratis inngang på kampen, og me anbefalar alle å ta turen innom kiosken for å kjøpe noko godt!
STAO NO PAO!