Trym vann Fair Play pris!

Trym Blom Almås vart tildelt Månadens Fair Play frå NFF Sogn og Fjordane!

NFF Sogn og Fjordane har delt ut månadens Fair Play for mai, og ein av vinnarane var Trym Blom Almås frå Sogndal Fotball!

Trym blir trekt fram som ein flott rollemodell: 

  • Etter kampen borte mot Lærdal fekk Trym som kaptein skryt frå dommar for at han opptrådte utruleg positiv i sin kommunikasjon med medspelarar, motspelarar og dommar. 
  • Av trenarteamet blir han beskrive som ein spelar som viser omsorg og støtte både for mot- og medspelarar, ein som brettar opp ermene og allltid gir alt på bana!

Kretsen ønskjer å markere denne heidersutmerkinga ved å dele ut ei lita gåve til Trym ved eit seinare høve!

Les meir om utdelinga!

Gratulera med vel fortent pris til Trym! Me er stolte over å ha slike flotte rollemodellar i klubben!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: