Tung dag på Melløs

Ingenting stemte mot Moss i dag og me tapar fortent 3-0

Det vart ein tung kamp mot Moss i dag. Frå dommaren blas i fløyta var me ikkje påskrudd og Moss var det beste laget. Det stod 1-0 til pause etter ei straffescoring, og i andreomgang auka heimelaget til 3-0.

Me fekk ein dårleg start på kampen, og det vart raskt tydeleg at Moss var meir klare for kamp enn oss. Etter 14 minutt fekk Moss straffespark, og Thomas Klementsen Jakobsen satte den sikkert i mål. Heimelaget var i føringa, og me måtte heve oss. Utover omgangen byrja spelet å sitte betre, og me kom til nokre store sjansar. Blokkering på streken og nokre gode redningar gjorde at det stod 1-0 til pause.

Etter pause kom me aldri opp på det nivået me ønskjer, og når det var spelt 53 minutt kom 2-0 scoringa. Moss kom til ein god moglegheit og la inn framfor mål. I eit forsøk på å klarere ballen satte ein uheldig Martin Sjølstad ballen i eige mål. Berre 10 minutt etter kom 3-0 ved Moss sin Benarfa, og kampen var avgjort.

Dette var diverre ein svak prestasjon, og langt frå det nivået me ønskjer å vere på. Ein tung dag på jobben enda i eit fortent tap, og me må heve oss til neste helg. Då kjem Ranheim på besøk til Fosshaugadn, og me skal slå tilbake. Takk til alle som møtte opp på bortefeltet i dag. De hadde fortent mykje betre!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: