Tungt tap for Sogndal 2

Det vart eit tungt tap for Sogndal 2 borte mot Førde i dag

Ein regntung dag i Førde vart ingen god oppleving for Sogndal 2 i dag. Det var ein viktig kamp om poeng for å halde seg i divisjonen, men det enda med eit tungt tap. Når dommaren blas i fløyta for siste gong stod det heile 6-0 på tavla.

Det fyrste målet til Førde kom etter 28 minutt av kampen. Stillinga til pause var 1-0. Andreomgang begynte på verst tenkeleg vis. Jacob Bergset banka inn ei straffe etter 53 minutt, og ei ny straffe etter 57 minutt. Allereie 10 minutt etterpå fekk Førde eit indirekte frispark som Vebjørn Høynes banka i mål.

IMG_2716.JPG
Foto: Martin Salbu

Førde gav seg ikkje med 4, og etter 76 minutt scora Vegard Savland sitt andre i kampen. Det siste målet kom etter 85 minutt når Mathias Helgheim satte inn Førde sitt sjette. Ein tung kamp for Sogndal 2 i årets nest siste bortekamp. No ventar ein særs viktig kamp heime mot Spjelvavik. Den skal spelast søndag 22. oktober klokka 13:00 på Fosshaugadn. 3 poeng her kan bli heilt avgjerande for om ein klarar å halde plassen i 3 divisjon. Ta turen til Fosshaugadn for å hjelpa karadn fram til siger!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: