Tungt tap mot Ranheim

Ranheim var best i begge boksar og me reiser heim utan poeng i dag


Det var lite som stemte på Extra Arena i dag. Til tross for store sjansar og jamnt banespel var det Ranheim som vann heile 3-0. Eit mål like før pause og to i andreomgang avgjorde kampen i favør heimelaget i dag.

Den fyrste omgangen begynte jamnt, og begge lag kom til fleire gode moglegheiter. Diverre ville det seg ikkje framfor mål, og når det såg ut til å enda mållaust til pause dukka John Hou Sæter opp og scora leiarmålet for heimelaget. Ein skikkeleg kalddusj i varmen på Extra Arena.

Etter pause byrja karadn godt og pressa heimelaget bakover. Til tross for nokre store sjansar i starten av omgangen kom aldri scoringa. Istaden var det Ranheim sin Bendik Bye som dobla leiinga til 2-0 etter 53 minutt. Etter 2-0 butta det meir i mot, og heimelaget fekk kampen inn i sitt spor. Etter 65 minutt spelt satte dei spikeren i kista når Gustav Mogensen fastsette resultatet til 3-0. Ingen god start etter ferien.

Allereie neste laurdag kjem det nye moglegheiter når Start kjem på besøk til Fosshaugadn. Karadn er revansjelystne og skal gjera alt for å slå knallhardt tilbake. Tusen takk til alle som kom for å støtta oss i dag. Me skulle så gjerne gitt dykk ein siger, men håpar de kjem til Fosshaugadn og hjelper oss til 3 poeng mot Start!

STAO NO PAO!

Asset 1 Asset 2
1
Jendal


2
Eriksson
16
Olugbe
4
Arrocha
Substituted out 88'
13
Flo


7
Baidoo
Substituted out 80'
6
Høyland
8
Blixt Flaten
77
Borgthórsson
Substituted out 45'


10
Skaanes
Substituted out 69'
30
Flataker
Innbytarar
35
Sætren
33
Kalstad
Substituted in 80'
20
Twum
36
Årøy
Substituted in 88'
9
Hintsa
Substituted in 69'
31
Nundal
Substituted in 45'
Innbytarar
  • 35
    Sætren
  • 33
    Kalstad
    Substituted in 80'
  • 20
    Twum
  • 36
    Årøy
    Substituted in 88'
  • 9
    Hintsa
    Substituted in 69'
  • 31
    Nundal
    Substituted in 45'

Annonse fra Obos-ligaen: