Uavgjort for Sogndal 2

Det vart berre eitt poeng for Sogndal 2 på Fosshaugadn i dag

Det var ein sjansefattig start på kampen mellom to lag som trengte alle 3 poenga. Det fyrste målet i kampen kom fyrst etter 27 minutt. Erik Flataker fekk sendt avgarde eit skudd i retning mål. Inne i feltet stod Per-Egil Flo på rett plass og fekk styrt ballen i nettet med hovudet. Eit viktig mål i sluttspurten av sesongen. Det stod 1-0 til pause.

I andreomgang kom det mål i mot etter 53 minutt spelt. Erik Leandersson vann duellen med keeper Jarik Sundling og fekk heada ballen i mål. Berre to minutt etter kom eit nytt leiarmål på den andre sida av bana. Marius Årøy banka ballen i mål på ein flott volley.

Diverre skulle ikkje leiinga halda inn i dag heller. Etter 70 minutt spelt fekk Spjelkavik frispark på rundt 20 meter. Frisparket satte Noah Solskjær forbi muren og inn i mål. Dermed stod det 2-2, som også vart sluttresultatet på Fosshaugadn i dag. 

Eit poeng i dag betyr at Sogndal 2, med ein kamp igjen å spela, ligg under streken på tabellen. Frå 9. til 13. plass skiljer det ikkje meir enn 3 poeng. Mykje kan skje i siste serierunde. Neste helg er det ny kamp på Høddvoll når Sogndal 2 skal avslutta årets sesong. Kampen spelast søndag klokka 12:00. Volda møter eit opprykksjagande Eidsvold Turn  på bortebane. Her kan målforskjellen bli avgjerande, og alt frå tap til siger kan i teorien vera nok. Det blir ein spennande avslutning på 3. divisjon!

STAO NO PAO!

tabell.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: