Uavgjort mot Levanger

Det enda med poengdeling på Fosshaugadn i dag


Levanger fekk ein perfekt start på kampen når dei tok leiinga etter 5 minutt spelt. Gjennom heile kampen jakta me utlikning, og Oliver Hintsa fann til slutt nettmaskene etter 53 minutt spelt. Det var diverre ikkje nok til meir enn eitt poeng, og kampen enda 1-1 i regnværet på Fosshaugadn.

Me fekk ein verst tenkeleg start på kampen når Levanger tok leiinga etter berre 5 minutt spelt. Ein ball som vart slått over forsvaret skapte problem, og når Felix Eriksson bomma på klareringa dukka Herman Stang Stakset opp og fekk ein enkel jobb med å runde Lars Jendal. 0-1, og me måtte angripe. Det vart ingen fleire mål før pause.

Når det var spelt 52 minutt skaffa Felix Eriksson frispark i god posisjon på vår høgre side. Same mann sendte eit perfekt innlegg mot landsmann Oliver Hintsa, og vår svenske spiss styrte ballen flott i mål med hovudet. Dermed stod det 1-1, og me gjekk for å få vinnarmålet. Diverre fekk me ingen fleire scoringar, og det endar med poengdeling i dag.

Neste kamp er borte mot Moss, og me håpar å komme tilbake på vinnarsporet!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: