Ung landslagstrio

Kaja, Mathias og Daniel med flagget på brystet

Kaja Bjelde Hjelmhaug og Daniel Gjerde Sætren er allereie rutinerte med flagget på brystet, sin unge alder til tross. No har óg Mathias Øren slutta seg til landslagsgjengen på Kvåle Ungdomsskule.

Kaja kom nyleg heimatt etter ei flott samling i Frankrike der J16-landslaget spelte mot sterke nasjonar som Frankrike (1-1) og Nederland (2-2). Ho står no med fem landskampar, og under den siste samlinga spelte midtbanespelaren samtlege minutt. Kaja har gått gradene i Sogndal, og har trenings- og kampkvardagen sin i lag med gutelaget.

J16 Norge Karin Larsen NFF.jpg
Foto: Karin Larsen (NFF)

Neste samling for Kaja J16-landslaget er allereie om ein månad når Sverige, Frankrike og USA er motstandarar i ein UEFA Development-turnering i Blekinge i Sverige



Trenar Kristian Ask har hatt mykje å gjera med denne trioen.

I går kom uttaket til G16-landslaget sin samling. Dei skal spela kampar i Romania, og der var det to spelarar frå Sogndal med:

Daniel Gjerde Sætren - Sogndal
Magnus Stær-Jensen - Grorud
Max Herman Bjurstrøm - Vålerenga
William Kvale - Brann
Anders Rønne Børset - Molde
Aleksander Hammer Kjelsen - Vålerenga
Elias Kringberg Haug - Sarpsborg 08
Mathias Øren - Sogndal
Mikkel Hope - Haugesund
Andreas Heredia Randen - Asker
Amir Jama - Stabæk
Tobias Saliou Moi Sene - Viking
Stian Sjøvold Thorstensen - Rosenborg
Troy Engseth Nyhammer - Haugesund
Sverre Halseth Nypan - Rosenborg
Isak Hammadou - Bodø/Glimt
Sindre Walle Egeli - Sandefjord
Jones El-Abdellaoui - Vålerenga
Julian Gonstad - HamKam
Fanuel Temesgen Tewelde - Odd

Dette blir første gang unge Øren er på landslagsoppdrag, medan Gjerde Sætren står med fem landskampar. I Romania skal Mathias og Daniel spela desse kampane:

Torsdag 5.mai klokka 13.00:  Norge - Japan (Daco-Getica Stadium)
Laurdag 7. mai klokka 16.00:  Norge - Saudi Arabia (Daco-Getica Stadium)
Måndag 9. mai klokka 16.00: Polen - Norge (stadium “CS Tunari”) 



Daniel tok mikrofonen for ein liten prat med Mathias og Kaia.
 

 

Annonse fra Obos-ligaen: