Valdimar Ingimundarson klar for Sogndal
Islandsk midtbanespelar kjøpt frå Strømsgodset
Sogndal Fotball og Strømsgodset er samde om ein overgang for islendingen Valdimar Ingimundarson (f. 28/4 1999). Han har signert ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2024.
Valdimar er ein offensiv midtbanespelar som kom til Strømsgodset frå den islandske klubben Fylkir i 2020. Han spelte 28 kampar for drammensklubben og skåra 3 mål. Karen frå Reykjavik har spelt 12 kampar med det islandske flagget på brystet: Elleve på U21-nivå, og no i januar fekk han debuten på A-landslaget.
- Me er særs nøgde med å ha fått Valdimar til klubben, seier Håvard Flo.
- Dette er ein spelar med god erfaring på høgt nivå gjennom spel med Island og i Eliteserien med Godset, og han er en spelartype med masse energi, han er god med ball og sterke offensive eigenskapar.
Islendingen er på veg til Sogndal frå Island denne veka, då kjem me med eit intervjumed han.
Flo rettar ein takk til Strømsgodset for ein fin prosess.
- Me er stolte over at Valdimar valde Sogndal, då det var konkurranse om underskrifta hans frå utanlandske klubbar, seier Flo, som er trygg på at Islendingen vil passa godt inn i Sogndal.
- Jostein (Flo) i Godset har veldig mykje bra å seie om Valdimar, og han anbefalte han sterkt. Det er ein roleg, reflektert og fin gut me får til oss, avsluttar Håvard Flo.
Me gler oss til fine stunder i lag med Valdimar, og ønskjer han velkomen til Sogndal!