Valnemda si innstilling

Her kjem valnemda si innstilling før årsmøtet tysdag 29. april

Til Årsmøte Sogndal Idrettslag Fotball

Valnemda sitt arbeid:

Valnemda starta arbeidet etter at sesongen 2024 og har hatt ein kontinuerleg prosess fram til dags dato. Arbeidsmengde denne gang har vore omfattande og tidkrevande. Prosessen starta med ei skriftleg kartlegging frå den enkelte styremedlem. Vidare blei det gjennomført samtalar og intervju med aktuelle kandidtatar til styreverv, støttespelarar til klubben, sponsorar, ansatte, revisor i tillegg til ei rekke innspel frå ulike personar og grupperingar. Vi har også innhenta referansar på aktuelle kandidatar. 

Det har vore eit mål for valnemda å breidde prosessen mest mogeleg samt at vi håpa å få sett saman eit styre som representerte litt av dei ulike ynskja som blei spelt inn. Dette blei utfordrande å få til sidan det har vore stilt ein del krav om styresamansettinga både frå omgjevnadane og sponsorar. 

Som følgje av prosessen som er gjennomført har valnemda landa på følgjande innstilling til nytt styre for Sogndal Idrettslag Fotball:

1. Styreleiar: Jan Rune Årøy (gjenval, 1 år). Jan Rune har i samtaler med oss uttrykt motivasjon for å fortsett og bidra til det arbeidet som må gjerast for å imøtegå utfordringar som klubben står i. I ein sesong med ny dagleg leiar og nytt trenarteam vil Jan Rune vera ein kontinuitetsbærar på leiarsida, både på klubbdrift, økonomi og sport. Noko også trenarteamet ynskjer. Jan Rune har som alle veit lang erfaring både frå fotball og næringslivet.

2. Styremedlem: Knut Armand Iversen (ny, 2 år). Knut Armand har hatt stort engasjement i Sogndal Idrettslag Fotball i mange år. Han har tidlegare vore leiar i Sogndal Fotball, styremedlem i Sogndal Idrettslag, medlem i Fotballkomiteen NFF (foreslo bl.a at 2.laget til toppklubbane skulle spele i det ordinære seriesystemet.) Han har og hatt roller mot NFF Sogn og Fjordane. Knut Armand representerer frivilligheten si viktige rolle i klubben.

3. Styremedlem: Tom Rune Kongelf (ny, 2 år). Tom Rune har lang leiarerfaring frå sin jobb ved Høgskulen på Vestlandet, som han har hatt sidan 2001. Instituttleiar, Ph.D/Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett/Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking. Som instituttleiar har han ansvar for 160 tilsette i Sogndal, Bergen og Stord, med eit budsjettansvar på 100 millionar. Han er utdanna almennlærar frå HVL og har doktorgrad i matematikk frå universitetet i Agder. 
Tom Rune har hatt fleire roller i Sogndal Idrettslag Fotball , trenar for aldersbestemte lag, sportskoordinator for gutteavdelinga, medlem og leiar av breiddestyret, medlem i hovudstyret (2019/2020). Han er i dag trenarkontakt i klubben.

For Sogndal Idrettslag Fotball er det viktige med det nære samarbeidet vi har hatt med HVL i mange år. Begge er særs viktige samfunssaktørar og vi er gjensidig avhengig av kvarandre. Det gjeld å legge til rette for å kunne dyrke toppidrettssamunnet vi har, og vere i forkant med samarbeidsprosjekt. Tom Rune kan med sin kompetanse og forankring i HVL kunne vere viktig bidragytar til å vidareutvikle det idrettsfaglege samarbeidet til beste for klubben, men også bidra til at vi som klubb kan ta nytte av kompetansen HVL sit på innan organisasjonsutvikling og kommunikasjon. Tom Rune er opptatt av at klubben kan bli betre på samarbeid og kommunikasjon med dei andre klubbane i Sogn og Fjordane og med sponsorane til klubben, slik at Sogndal Idrettslag Fotball igjen kan bli eit fylkeslag som har støtte og ivrige tilskodarar frå kvar ein krok i det gamle fylket.

4. Styremedlem: Andrea Solbakken (gjenval, 2 år). Andrea blei valgt for 1 år i fjor med tanke på at ho skulle velgast inn i ordinær syklus frå i år. Andrea har saman med Einar Ylvisåker og Kristian Ask gjort ein grundig jobb for breiddefotballen i Sogndal Idrettslag Fotball og vi ser det som viktig at dette held fram og at vi då får Andrea med vidare vart viktig i so måte. Andrea er utdanna almennlærar og arbeider ved Kvåle Skule.

Kontrollkomite:
1. Karin Vikane, gjenval 2 år
2. Tor Arne Ness, ny 2 år.

Sogndal 22.04.25

Valnemda Sogndal Idrettslag Fotball

Annonse fra Obos-ligaen:
Publisert: 25.04.2025
Skrive av: Valnemda Sogndal Idrettslag Fotball