Vegard's Krefttråkk på drakta!

Me står saman i kampen mot kreft!

Vegard's Krefttråkk er ei gruppe fantastiske eldsjeler som jobbar for å skape gode minne for kreftråka familiar. Det byrja med ein ide om å samle inn pengar gjennom deltaking i sykkelritt, og har utvikla seg til å bli eit stort årleg arrangement. I år ønskjer me å gi det gode arbeidet litt ekstra merksemd, og Vegard's Krefttråkk er difor med på årets drakt!

Me har over fleire år vore MOT-ambassadør og spelt med deira logo nedst på ryggen på drakta vår. Samarbeidet med MOT har fungert veldig fint, men no følte me at tida var komen for å gå ein meir «lokal» retning.

- Plassen på drakta er tiltenkt ei samfunnsrelatert markering, og kan i teorien seljast i lag med ein gitt organisasjon. Etter gode innspel og nøye vurdering valgte me i år å tildele plassen til Vegard’s Krefttråkk seier Sals- og Marknadsansvarleg Terje Teigen.

- Eg trur det er viktig at me som har ei sterk merkevare, hjelp til der me kan. Dette for at me i lag kan bli enda sterkare. I 2020 spelte me med det lokale black metal-bandet VREID sin logo i halsen. Dette gav både lokal, regional og nasjonal synlegheit. Det gav til og med merksemd ute i den store verda, held han fram.

Initiativtakar Vegard Skjeldestad sit i styret saman med leiar Weronica Øvstetun, Bjørn Skjeldestad, Kåre Stokkenes, Rasmus Mo og Bjarte Frækaland. Han fortel at ideen bak Vegards Krefttråkk kom tilbake i 2016:

- I 2016 var det nokon som sykla frå Lindesnes til Nordkapp for å samle inn pengar til Kreftforeningen. På ein sykkeltur over Vikafjellet tenkte eg at me kanskje skulle funne på noko. Ideen var å sykle Jotunheimen rundt, og eg sendte ut ein mail til 42 stk for å få med meg ein gjeng. Det var 20 stk som vart med det fyrste året, fortel Vegard Skjeldestad.

- Me la ut i sosiale medium når det nerma seg at folk som ønskte kunne gi det dei ville. T.d. 1kr per kilometer eller det ein ville bidra med. Eg tenkte at me kanskje fekk inn 10-15.000 slik at me kunne kjøpe inn ein Playstation og liknande til Barneavdelinga i Førde. Når sommaren var over og me var ferdige med syklinga hadde me samla inn 350.000,- og det overgjekk alle forventningar, held han fram.

At innsamlinga gjekk så bra førte også til endringar i dei opprinnelege planane. Ein stifta organisasjon og oppretta eit styre som skulle beslutte kva pengane skulle brukast til. Avgjerda fall på å invitere inn familiar råka av kreft til Sogndal, og å lage eit stort arrangement med mange kjekke opplevingar og aktivitetar.

- Tanken var å kunne gi litt tilbake til næringslivet i Sogndal. Me inviterar familiar til Sogndal og dekker alt frå dei kjem til dei reiser. Når me publiserte dette fekk me telefonar frå all slags lag og organisasjonar som ville bidra. Det var ein vanvittig omslutnad, og no har me arrangert kvart år med unntak av to år under covid.

Vegards Krefttråkk er på drakta i 2025!
Vegards Krefttråkk er på drakta i 2025!

Me synst det er fantastisk inspirerande å sjå det arbeidet som Vegards Krefttråkk legg ned. Ein skapar lyspunkt og glede i det som kan vere ein tung og vanskeleg kvardag. Kreftsjukdommen rammar heile familiar, og å få gløyme den og ta ein pause kan ha stor verdi. Det skapar også eit fellesskap og ei kjensle av å høyre til ein plass, noko me er ekstra opptekne av i idretten. Difor er det veldig kjekt å kunne bidra med ein plass på årets drakt.

- Det er veldig kjekt og inspirerande å få ein plass på drakta. Eg vart også litt overraska då Terje ringde meg og fortalde at han hadde ein ide. Me er veldig takksame og eg både trur og håpar at det kan gagne begge partar, fortel Skjeldestad.

- Me veit at Vegards Krefttråkk gjer ein fantastisk jobb der dei gjev eit lysglimt i kvardagen til dei som er, og som har vore råka av kreft. Difor synes me at det er ein fin anledning for oss i Sogndal Fotball å gje noko tilbake til deira arbeid. Me heiar alt med kan!, legg Teigen til.

- Det er også fint å nemne at me ønskjer å ta vare på dei som er sjuke, dei som har vore sjuke og dei som har mista familiemedlemmar til kreften. Det er noko me er stolt av, og som me har fått mykje skryt for. Ein treffer også igjen personar som ein har vore på sjukehuset med, og som ein blir kjent med gjennom sjukdomsforløpet. Det er fint å vere ein samlingsplass, avsluttar Skjeldestad.

Me håpar at dei som har moglegheit kan gi eit lite bidrag på Vipps til #627751. Årets samling blir arrangert den siste helga i april, og alle bidrag kan vere med å skape fine opplevingar for kreftsjuke born.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: