- Veldig godt gjennomført kamp!

Det vart 10-0 mot Stryn i treningskampen

Det vart ei god gjennomkøyring då me møtte Stryn til treningskamp på Fosshaugane Campus i ettermiddag.

- Det var naturlegvis stor skilnad på laga, men våre gutar jobba bra og gjennomførte ein veldig god kamp, sa Rune Bolseth etter kampslutt.


1U3A0061.JPG
Skåra mot gamleklubben: Per-Egil Flo

Det vart 10-0 i målprotokollen, og me fekk sjå ein del av det Bolli, Tore André og Simmo jobbar med på treningsfeltet gjennom veka i lag med karane.

Me starta med desse elleve: Renze Fij, Andreas Hoven, Axel Kryger, Andreas VanderSpa,  Per-Egil Flo,  Sondre Ørjasæter,  Kristoffer Steinset,  Mathias Blårud,  Kristoffer Nessø, Erik Flataker, Peter Michael
På benken satt Sondre Midthjell, Sander Kilen, Marius Årøy, Valdimar Ingimundarson, Kristoffer Hoven, Emmanuel Doku og Ulrich Bony. Alle fekk speletid.

1U3A0400.JPG
Sondre Ørjasæter herja litt med gamle lagkompisar i dag

No får me håpa at Vålerenga held seg friske, for på fredag skal me ha kamp mot dei på Intility Arena i Oslo.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: