Velkommen Diogo Brás!

Sogndal Fotball og UD Santarém er samde om ein overgang for Diogo Brás!

Sogndal Fotball og UD Santarém er samde om ein overgang for høgreback Diogo Brás, f. 16. mars 2000! Avtalen strekkjer seg ut 2026-sesongen!

Diogo Brás er ein allsidig høgreback med fortid i Sporting-akademiet. I 2012 vart han henta frå moderklubben Chaves til Sporting sitt akademi som 11-åring. Sidan overgangen gjekk han gradene i den portugisiske storklubben, og spelte seg også inn på aldersbestemte landslag. Han har kampar for alle Portugal sine aldersbestemte landslag frå 15 til 19 år, og har spelt saman med store namn som Pedro Neto (Chelsea), Vitinha (PSG) og Nuno Tavares (Arsenal/Lazio). I løpet av tida i Sporting B vart han godt kjent med vår noverande assistenttrenar Miguel Barata, som også var assistent i Portugal.

I 2022 meldte Diogo overgang til den portugisiske klubben CD Feirense på nivå 2 i Portugal, men opphaldet der vart diverre prega av ein ankelskade. Han måtte operere og fekk aldri den starten i ny klubb han håpa på. I 2024 reiste han vidare til UD Santarém på nivået under for å kickstarte karriera igjen:

- Eg trengte å kome meg litt nærare heime, og å få meir speletid. Det var viktig for meg å kome tilbake på sporet og å byggje opp litt momentum att, forklarar Diogo.

Miguel Barata
Miguel Barata har vore trenar for Diogo Brás i Sporting

No er han klar for Sogndal, og ein viktig grunn til det er assistenttrenar Miguel Barata. Under tida i Sporting vart dei godt kjende, og no kom sjansen for å jobbe saman igjen:

- Han var trenaren min i 6-7 år, og eg har eit godt forhold til han. Me kjenner kvarandre godt, og han er verkeleg ein fantastisk person. Så snart eg fekk høyre om interessa frå Sogndal var eg aldri i tvil.

Hovudtrenar Luis Pimenta fortel:

- Diogo er ein skulert spelar, med veldig god taktisk forståing. Han har eit veldig bra teknisk nivå, og ein offensivitet som er bra for laget spesielt sidan me spelar utan kantspelarar. Han har eit bra teknisk nivå på både innlegg, skot og kombinasjonsspel som kan gi oss noko ekstra. I tillegg har han utan tvil ein brukbar venstrefot som gjer at han blir meir uforutsigbar og vanskeleg å stoppe. Han har spelt i Sporting i mange år som back, og dei siste åra har han spelt på kanten grunna dei offensive kvalitetane hans.

- No har han vore saman med oss i to veker og hatt veldig fin progresjon. Han spelte heile kampen mot Tromsø etter berre 3 dagar trening, og har tatt store steg etter det. Det er enkelt å prate fotball med han, og han har god forståing for dei ulike spelfasane. Han treng nok litt tid til å bli vand med si nye rolle, men det er fotball. Han er alt me treng av ein høgreback i vårt system, avsluttar Pimenta.

Diogo Brás i kampen mot Kryvbas
Diogo Brás i kampen mot Kryvbas

Diogo var med på årets treningsleir og har allereie spelt to kampar i kvit drakt. No er han på plass i Saftbygda, og gler seg til å kome i gang. Han fortel at han er ein offensiv spelartype:

- Eg trivst best på kanten og likar å seie at eg er ein god blanding mellom ein kantspelar og ein back. Eg er ein teknisk spelar som har ein offensiv spelestil, og kan avslutte med begge bein. Samtidig er eg ein lagspelar og føretrekk å slå ein målgivande pasning istadenfor å score mål sjølv, fortel han.

- Laget har tatt meg veldig godt i mot, og det er verkeleg ei flott gruppe. Dei har integrert meg i gjengen frå dag 1, og tatt godt vare på meg. Det var fint å få treningsleiren til å bli betre kjend, og eg har berre positive ting å seie om laget, held han fram.

I Sogndal vil Diogo ha både ein hovudtrenar og assistentrenar som snakkar det same språket som han. Han fortel at han ikkje kjenner Luis frå før, men at han har høyrt gode ting om han. Å kunne kommunisere på portugisisk er i følge Diogo ein fordel:

- Det er absolutt ein fordel at eg kan kommunisere med trenarane på portugisisk. Det gjer det enklare for meg å forstå kva dei ønskjer, korleis me skal spele og kva eg skal gjere for at laget blir betre. I tillegg forstår eg alle banneorda, så det er enkelt å skjønne når eg har gjort ein feil, seier han og ler.

No har Diogo vore i Sogndal sidan fredag og han fortel at han trivst godt i bygda så langt:

- Det minnar meg faktisk veldig om heimbyen min Chaves heilt nord i Portugal. Det kan bli ganske kaldt på vinteren og det er ikkje så mange som bur der. Eg likar det slik og tykkjer det er litt koseleg. Det er fint å sleppe den stressande kvardagen i byen, og fint å bu på ein litt rolegare plass. Fyrsteinntrykket mitt av Sogndal er veldig bra, og eg er glad for å vere her, avsluttar han.

Me ønskjer Diogo velkommen til Saftbygda og gler oss til å sjå han i aksjon på Fosshaugadn! Allereie på laurdag kjem fyrste moglegheit når me møter Lyn i Sognahallen kl. 13:00!

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: