Velkommen Felix Eriksson!
Sogndal Fotball og IFK Gõteborg er samde om ein låneavtale for Felix Eriksson! A-laget
Sogndal Fotball og IFK Göteborg er samde om ein låneavtale for forsvarsspelar Felix Eriksson, f. 21. mai 2004! Avtalen strekkjer seg ut 2024-sesongen.
Felix er ein ung og lovande spelar som kan spela både høgreback og midtstoppar, men kan også bekle andre posisjonar. Han tilhøyrer den svenske klubben IFK Göteborg som spelar i Allsvenskan. Han har også landskampar for Sverige sine aldersbestemte landslag. I 2022 spelte han mot vår eigen Erik Hovden Flataker når Sverige og Norge møttes til G18-kamp. Sverige vann 4-2, men Erik scora eitt av måla til Norge.
Felix har spelt for ungdomslaga til Gõteborg fram til 2023. Då reiste han på lån til den svenske klubben Utsiktens BK i Superettan. No er han klar for ein tur til Saftbygda, og spel i OBOS-ligaen:
- Fyrsteinntrykket av Sogndal er veldig bra. Eg sa før prøvespelet at det må kjennast heilt perfekt for at eg skal flytta hit, og det gjorde det. Eg har alltid budd i Göteborg, så det blir annleis, men eg trur eg skal trivast veldig bra.
Kva spelartype er du?
- Eg vil seie at eg er ein "all-rounder" som kan spela i mange ulike posisjonar. God spelforståing er nok styrken min. I tillegg har eg god løpskraft.
Kan du fortelja litt om deg sjølv?
- Eg er mykje med venar, og ser mykje fotball. Eg er ein fotballnerd. Det blir mykje tid til å sjå og lesa om fotball. Så likar eg å spela litt tv-spel. Favorittlaget er Chelsea.
Håvard er nøgd med å få Felix med i stallen:
- Me fekk eit veldig godt inntrykk av Felix når han var her førre veke. Etter samtalar med IFK Göteborg vart me einige om at eit utlån for 2024-sesongen var av felles interesse. Felix er ein anvendeleg spelar som kan bekle forskjellege roller, og med sin fleksibilitet blir han ein viktig spelar i dagens tropp.
Me ønskjer Felix velkommen til Sogndal og håpar på mange gode opplevingar i 2024!
STAO NO PAO!