Velkommen Jamal Deen Haruna!

Sogndal Fotball og Raufoss Fotball er samde om ein overgang for Jamal Deen Haruna!


Sogndal Fotball og Raufoss Fotball er samde om ein overgang for forsvarsspelar Jamal Deen Haruna, f. 23. oktober 1999! Avtalen strekkjer seg ut 2027-sesongen, men han spelar resten av 2024-sesongen på utlån i Raufoss.

Jamal Deen Haruna er ghanesisk midtstoppar med god fysikk og naturleg autoritet. Han byrja karriera si i Ghana for akademilaget Tudu Mighty Jets. Seinare har han spelt for Legon Cities og Great Olympics, som begge er klubbar i Ghanesisk Premier League. I februar 2023 vart Jamal henta til Norge av Raufoss, og har spelt der sidan. No går vegen vidare til Saftbygda, og OBOS-ligaen i kvitt og svart! Håvard Flo fortel:

- Dette er ein spelar me har fulgt det siste året, og då me fekk signal om at han ville ta nokre nye steg fann me ut at tida for samtalar var inne. Det me ser i Haruna er ein stor, sterk og fysisk midtstoppar som vil gje oss duellstyrke både offensivt og defensivt. Interessa rundt Jamal var aukande, og etter samtalar med Raufoss og spelar valde me no å kjøpe han ut av avtalen. Det var avgjerande for Raufoss å ha med spelaren ut 2024-sesongen, og derfor vil Jamal gå på eit utlån tilbake til Raufoss ut sesongen. Denne løysinga er noko alle partar er glade for.

IMG_3478.jpeg
Jamal Haruna er klar for Sogndal!

- Sogndal verkar som ein bra stad. Det er ein klubb som alle gode spelarar ønskjer å spele for, og fasilitetane er heilt fantastiske. Eg kjenner Isaac Twum frå før og me er gode vennar. Det blir kjekt å spele i dei same fargane som han, fortel Jamal.

Jamal har foreløpig spelt 46 kampar for Raufoss, og er ei viktig brikke i forsvaret på Nammo Stadion. Han gjorde seg tidleg bemerka i OBOS-ligaen, og har blant anna spelt mot oss i 3 kampar. I løpet av tida har han også scora to gonger, og med sin gode fysikk er han ofte ein trussel i feltet.

- Eg vil seie at eg er ein spelar med aggresiv spelestil. Eg spelar med mykje kraft, men også fornuft. Eg likar å bruke fysikken min på ein smart måte, seier Jamal.

IMG_3468.jpeg
Håvard og Jamal er nøgd med at avtalen er i boks

- Då dette var ein litt vanskeleg case for Raufoss vil me berømme dei for prosessen me har hatt saman. Me er glade for at me kunne komme til ei løysing som gjer at Jamal fortset karriera hjå oss etter sesongen, legg Håvard Flo til.

- Eg skal sjølvsagt gje 100% for Raufoss ut sesongen og hjelpe dei så godt eg kan, så gler eg meg til januar når eg kjem til Sogndal. Eg har allereie møtt nokre fine folk, og gler meg til å møte resten av laget.

Me gler oss til Jamal er på plass i Sogndal, og ser fram til å bli betre kjend med han. I mellomtida håpar me at han får eit godt utlån i Raufoss, og ønskjer han lukke til med resten av sesongen!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: