Velkommen Jesper Robertsen!

Sogndal Fotball og Tromsø IL er samde om ein låneavtale for Jesper Bergset Robertsen!

Sogndal Fotball og Tromsø IL er samde om ein låneavtale for forsvarsspelar Jesper Bergset Robertsen, f. 23. mars 2004! Avtalen går under nasjonal utlånsordning og strekkjer seg ut 2024-sesongen!

Jesper er ein spennande høgreback med Eliteserieerfaring. Han står til saman med 16 kampar på øvste nivå, og har i tillegg 6 kampar i NM for Tromsø. I 2023 var han på lån til OBOS-ligaen og Mjøndalen, men ein skade gjorde at det ikkje vart meir enn 5 kampar. Jesper har også kampar for aldersbestemte landslag. I årets sesong har han 11 kampar for Tromsø, men no går vegen til Saftbygda ut 2024!


Jesper kom til Sogndal i går, og deltok på si fyrste trening med laget tidlegare i dag. Han fortel at det kjennest rett å komme til Sogndal no:

- Det føles veldig bra. Eg synst Sogndal verkar som ein veldig fin klubb, og alle som snakkar om Sogndal snakkar fint. Eg synst det verkar som ein veldig profesjonell fyrstedivisjonsklubb og ein veldig bra stad for unge spelarar. Eg har også familie i Jølster, så dei blir nok glad for at eg kjem til Sogndal.

- Jesper Robertsen er ein høgreback, som har spelt mykje vingback. Han har også spelt mykje i ein firar tidlegare. Han har spelt på aldersbestemte landslag saman med Erik Flataker, og er ein del av ein god 2004-generasjon. Jesper har ikkje heilt slått igjennom i Tromsø endå, og i dialog med dei har me funne ut at det kan vera ein fin utfordring for han å komma til Sogndal, fortel sportssjef Terje Skjeldestad.

Sportssjef Terje Skjeldestad på dagens trening
Sportssjef Terje Skjeldestad på dagens trening

- Me er som alle ser litt tynne i bakre ledd, og Jesper er definitivt ein spelar som kan fylle det behovet me har. Me har vore i dialog med Tromsø over tid, då me visste om at Andreas Hoven reiste til Stabæk. Dei var avhengige av å få inn ein ny back før dei kunne sleppe han, og no er me glade for å ha det i boks. Det er viktig for oss å ha litt is i magen, og å vera sikker på at ein vel rett. Det føler eg me har gjort no, og eg trur Jesper blir eit god beskjentskap for oss, legg Skjeldestad til.

Jesper er speleklar allereie på laurdag når me møter Levanger på Fosshaugadn. Kjøp billett no og kom på kamp!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: