Velkommen Kristoffer Paulsen!

Sogndal Fotball og Viking Fotball er samde om ein låneavtale for Kristoffer Forgaard Paulsen!

Sogndal Fotball og Viking Fotball er samde om ein låneavtale for midtstoppar Kristoffer Forgaard Paulsen, f. 31. januar 2004! Avtalen går under nasjonal utlånsordning og strekkjer seg ut 2024-sesongen!

Kristoffer Paulsen er ein spennande midtstoppar som høyrer til i Viking. Han har spelt i klubben sidan han var 5 år gammal, og står også med fleire aldersbestemte landskampar.

- Eg er ein spelar med god fysikk som er glad i duellspel. Eg vil også seie at eg har ein god pasningsfot, og eg likar å ha ball i beina, fortel vår nye midtstoppar.

Kristoffer Paulsen har fått på seg Sogndalsdrakta og poserer framfor reklameveggen
Kristoffer Paulsen er klar for Sogndal!

Sportssjef Terje Skjeldestad fortel at det var nødvendig å styrke oss på stopparplass grunna skadesituasjonen:

- Sidan me har fått nokre skadar på stopparane våre var me på utkikk etter eit ekstra alternativ i den posisjonen. Me har fulgt Kristoffer lenge og veit kva han står for. Han er kampklar og i kampform då han har spelt mykje for Viking 2 i PostNord-ligaen, og kan vera eit fint alternativ for oss no. Me har hatt god dialog med Viking, og alle partar trur dette kan vera eit fint steg for Kristoffer.

Kristoffer har 3 kampar i Eliteserien for Viking og står med 5 kampar i NM. For Viking 2 har han til saman 35 kampar i 2. og 3. divisjon. I 2023 var han på utlån til Junkeren, og spelte 11 kampar for Bodøklubben i 2. divisjon. No er han klar for å spele i svart og kvitt ut 2024-sesongen!

- Eg byrja i Viking når eg var 5 år gamal, og sidan då har eg gått gradene i Vikingakademiet. Det har vore utruleg kjekt. Eg blei tatt opp på A-laget til Viking når eg var 16 år, og fekk debuten i Eliteserien. Etter debuten har eg vore ein del av A-laget til Viking, og spelt kampar for Viking 2 i PostNord-ligaen.

Kristoffer har spelt saman med både Erik Flataker og Jesper Robertsen på landslaget, og høyrer også til ein 2004-generasjon som har gjort det bra internasjonalt.

- Det er også litt av grunnen til at Sogndal følest riktig. Det gjer meg tryggleik at eg kjenner to spelarar frå før, og det er alltid kjekt å komme til klubbar der ein kjenner nokon. Eg veit at dei er to utruleg gode spelarar, og trur me får mange fine kampar saman.

Kor godt kjenner du til Sogndal frå før?

- Eg har møtt Sogndal som yngre og kjenner til klubben på den måten. Så veit eg sjølvsagt at Sogndal er ein toppklubb i OBOS-ligaen, som det er eit enormt engasjement rundt. Det er ein fin klubb for unge spelarar med eit godt miljø, og det har vore viktig for meg i valet av klubb. Dei siste dagane har eg brukt tid på å sjå kampar for å lære meg litt korleis laget spelar, og å bli betre kjend med spelarane.

Korleis var det å komme i gang med fyrste trening? Ei skikkeleg hardøkt!

- Ja, eg har høyrt at tirsdagane er utruleg tunge, og eg merkar at det tar på kroppen etter reising i går og litt lite søvn. Samtidig var det veldig kjekt å komme i gang, og å bli kjent med spelarar og trenarar. Eg gler meg veldig til å kome i gang med kampane, og trur dette blir veldig bra. Eg gler meg til å få oppleve ein heimekamp, og å kjenne litt på atmosfæren rundt ein kamp her i Sogndal!

Me ønskjer Kristoffer hjarteleg velkommen til Sogndal, og håpar me får mange gode opplevingar i lag i haust! No på laurdag kan du sjå han i aksjon når me møter Levanger på heimebane!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: