
Velkommen Lukass Vapne!
Sogndal Fotball og FK Metta er samde om ein låneovergang for Lukass Vapne! A-laget
Sogndal Fotball og FK Metta er samde om ein låneovergang for midtbanespelar Lukass Vapne, f. 31. august 2003! Avtalen strekkjer seg ut 2025-sesongen og inkluderer opsjon på kjøp.
Lukass Vapne er ein latvisk midtbanespelar som kjem på lån frå FK Metta. Klubben held til på øvste nivå i Latvia, og kjem frå hovudstaden Riga. Lukass har spelt i barndomsklubben gjennom heile karriera med unntak av to utlån. I juli 2022 reiste han på utlån til divisjonskollega Valmiera FC, og var med på å vinne ligaen for fyrste gong i klubben si historie. Året etter var han tilbake i barndomsklubben FK Metta og spelte omtrent samtlege minutt gjennom sesongen. Frå midtbana scora han 7 mål og leverte 4 målgivande pasningar.
I 2024 var det tid for eit nytt utlån til Valmiera FC, og Lukass vart endå meir dominerande enn ved førre utlån. På 35 kampar scora han 10 mål og leverte 13 målgivande pasningar som midtbanespelar. Dette vart lagt merke til, og sommaren 2024 fekk han debuten for Latvia sitt A-landslag. Han har tidlegare spelt for Latvia U17, U19 og U21, men 9. juli kom altså debuten for A-landslaget. I løpet av hausten fekk han totalt 8 kampar i UEFA Nations League C og privatlandskampar. Han blir omtala som eit av dei største talenta i Latvia, og har vore på radaren til mange klubbar i Europa. I januar fekk han også prisen som årets unge spelar i den Latviske ligaen i 2024!
Hovudtrenar Luis Pimenta omtalar vår nye signering som eit stort talent:
- Lukass er ein spelar som har eit potensiale til å bli ein ganske komplett midtbanespelar. Me spelar i ein formasjon med fire midtbanespelarar, og han kan med god utvikling bli veldig god i alle dei tre rollene. Han er fleksibel, men må utvikle ulike område i dei ulike rollene. Dette er utan tvil ei veldig god signering av klubben, så cred til Terje [Skjeldestad] og Håvard [Flo] som har jobba bra for å få dette i hamn. Det er også ein spelar som kan gi oss ein stor trussel i siste tredjedel, og tala hans frå i fjor er imponerande.

Martin Salbu
.png)
Martin Salbu
.png)
Martin Salbu
.png)
Martin Salbu
.png)
Martin Salbu
.png)
Martin Salbu
Lukass kom til Sogndal i går kveld og gjennomførte si fyrste trening tidlegare i dag. Han fortel at klubbvalet enda på Sogndal etter fleire gode samtalar med klubben:
- Eg har hatt nokre gode samtalar med Luis [Pimenta], og blitt overbevist om at Sogndal er det riktige steget. Eg har også snakka mykje med Håvard [Flo] som fortalde meg mykje om klubben sin filosofi og historie. Sogndal minnar meg litt om barndomsklubben min, men det er sjølvsagt eit steg opp til ein større klubb i ein betre liga. Eg gler meg til å kome i gang.
- Eg likar Norge godt, og det var ein viktig grunn til at eg ønskte å kome til Sogndal. Eg synst det er fint at Sogndal er ei lita bygd, og trur det blir fint å bu her. Eg kjem frå Riga, som er ein stor by, men Valmiera er lite og eg trivst godt med det.
Lukass har allereie fått spele på nokre store stadionar i Europa, og debuten for A-laget til Latvia kom sommaren 2024. Han fortel at det var stort å få debuten, men at han ikkje var nervøs:
- Det var ei god kjensle å få debuten på A-laget til Latvia. Eg var ikkje så nervøs sidan det var ein treningkamp, men det var veldig kjekt å debutere. Etterpå har eg fått speletid i alle kampane, sjølv om ikkje alle var frå start.
- Eg har fått eit godt inntrykk av klubben og trenaren, og likar spesielt at han er så positiv. Eg er klar for å gi alt for Sogndal!
Me ønskjer Lukass velkommen til Saftbygda og gler oss til å sjå han i aksjon på Fosshaugane Campus!
STAO NO PAO!