Velkommen Magnus Stær-Jensen!
Sogndal Fotball og Vålerenga Fotball Elite er samde om ein låneavtale for Magnus Stær-Jensen! A-laget
Sogndal Fotball og Vålerenga Fotball Elite er samde om ein låneavtale for keeper Magnus Stær-Jensen, f. 4. januar 2006! Avtalen strekkjer seg til 17. juli 2024.
Magnus Stær-Jensen har spelt ungdomsfotball for både Skeid og Grorud før han gjekk til Vålerenga. For dei kongeblå har han kampar for G17 og G19, samt Vålerenga 2 i PostNord-ligaen. I 2023 stod han ein god kamp på Fosshaugadn når Sogndal NG19 spelte 0-0 mot Vålerenga NG19. I tillegg til klubbkarriera har han spelt for både G15, G16, G17-landslaget. Her har han vore mykje saman med både Daniel Gjerde Sætren og Mathias Øren i det same årskullet. Akkurat no er han på samling med G18-landslaget saman med Mathias, og kjem til Sogndal når samlinga er ferdig.
Keepertrenar Geir Stenehjem fortel at det er kjekt å få Magnus inn i gruppa:
- Det er veldig kjekt å få Magnus inn i keeperteamet vårt. Han er ein veldig spennande keeper som nylig var med G18 landslaget til Spania. Han er ein solid skotstoppar, god med ballen i beina og er rå i feltarbeidet, så det blir kjekt å få ta del i hans vidare utvikling. Magnus er ein treningsvillig og smilandes kar, som me gledar oss veldig til å få bli betre kjent med når han kjem til Sogndal!
Håvard Flo er glad for at me har styrka oss på keeperplass:
- Grunna skaden til Daniel Gjerde Sætren har det vore viktig for oss å styrke keeperteamet den kommande tida. Saman med Lars Jendal vil Magnus styrke oss på keeperplass både i trening og i kamp.
Me ønskjer Magnus velkommen til Sogndal!
STAO NO PAO!