Velkommen Sebastian Pedersen!

Sogndal Fotball og Moss Fotballklubb er samde om ein overgang for Sebastian Pedersen!

Sogndal Fotball og Moss Fotballklubb er samde om ein overgang for angrepsspelar Sebastian Pedersen, f. 8. juni 1999! Avtalen strekkjer seg ut 2027-sesongen.

Sebastian Pedersen er ein spiss som har opparbeida seg god erfaring i Norsk toppfotball, og no kjem han til Saftbygda frå Moss. Sebastian er yngre bror av tidlegare landslagsspelar Marcus Pedersen, og på same måte som sin bror byrja han karriera i HamKam. Som 16-åring gjekk han til Stabæk og vart ein del av eit av landets beste akademi. For dei blå og svarte gjekk han gradene frå G16-nivå og heilt opp til A-laget. Det vart totalt 8 kampar på det øvste nivået før han reiste vidare til Strømsgodset. 

Som Godsetspelar reiste han på korttidslån til Strømmen, Florø og Notodden. Perioden var prega av usikkerheit i fotballen grunna strenge restriksjonar under covid, og då gjekk turen heim til Hamar og HamKam. I 2021 reiste han til Moss, og det skulle vise seg å bli ei suksesshistorie. På 71 kampar har han totalt scora 30 mål for A-laget til Moss i alle turneringar. Han har vore med på opprykk frå 2. divisjon og blitt ein skikkeleg publikumsfavoritt i eit Moss-lag som har imponert stort dei siste sesongane. No er han klar for å spele i svart og kvitt, og me er veldig glade for å ha han på plass i Saftbygda.

- Sogndal er ein stolt og tradisjonsrik klubb, og ein har alltid høyrt om dei som eit lag i Norsk toppfotball. Eg har spelt nokre kampar her, men eg trur eg har tapt alle saman. Det har aldri vore kjekt å møte Sogndal her, så om ein ikkje kan slå dei er det vel berre å spele på lag med dei, fortel vår nye spiss og smiler.

- Me er veldig nøgde med denne signeringa. Han er ein spelar som har prestert bra og levert mange målpoeng dei siste to sesongane. Me veit at han har karakteristikkar som passar vår spelmodell veldig bra, med intensitet i spelet, pressvilje og aggressivitet framføre mål. Me likar mykje av spelet hans, men veit samtidig at me kan hjelpe han til å ta det neste steget, fortel hovudtrenar Luis Pimenta.

Samtalane med Pimenta har vore ein viktig grunn til at valet fall på Sogndal. Sebastian fortel at han føler seg ønska:

- Dei har vore veldig bra. Eg kjenner at interessa har trigga meg, og eg føler meg veldig ønska av Sogndal. Det er noko av det viktigaste å kjenne at ein er ønska og at ein blir satt pris på. Eg trur spelestilen skal passe meg som hånd i hanske, og samtalane med Pimenta har overbevist meg.

Ansvarleg for spelarlogistikken, Håvard Flo, og resten av teknisk hjarte har jobba bra dei siste vekene for å styrke troppen. Ein av posisjonane i fokus har vore spissplassen, og no er ein endeleg i mål:

- Me er veldig glade for at Sebastian no tok valet om å kome til Sogndal for å starte ein ny epoke i karriera si. Me har hatt Sebastian på radaren på eit tidlegare tidspunkt, og me følte no at tida var inne for å prøve å hente han. Med Sebastian får me ein angripar som har aggressivitet og målpoeng i seg. I dei to førre sesongane har han tosifra mål i kvar sesong, og har vore ei viktig brikke i Thomas Myhre sitt Moss, fortel Flo. Han understrekar også at heile teamet har jobba godt saman for at overgangen no skulle gå i boks.

Sebastian kom til Sogndal i går kveld og sluttar seg til spelartroppen i dag. Han skildrar seg sjølv som ein spelar med god arbeidkapasitet:

- De får ein ærleg spelar, og ein som er glad i å presse og springe for laget. Eg ein ganske rein spiss som har mine fremste eigenskapar som avsluttar. I tillegg skal eg klare å bryne meg fysisk, og stopparane skal få kjenne at eg ikkje er så enkel å møte, fortel Pedersen på spørsmål om kva type spelar han er. 

Som nemnd over vart han raskt ein favoritt blant publikum på Melløs. Det er ikkje berre ein god fotballspelar, men også ein flott person som blir ein del av troppen. Me håpar de tek godt i mot han, og at me saman kan juble for mange flotte scoringar i årets sesong:

- Eg likar å by på meg sjølv. Ikkje på den måten at eg er høg på meg sjølv, men ein skal jo ha det litt kjekt også. Det er viktig å lage litt show, og eg trur folk set pris på det. Så gjeld det å alltid vere hyggeleg og snill, fortel han.

- Me ønskjer også å takke Moss for ein ryddig og fin prosess med overgangen. Sebastian var godt likt i Moss, og me veit at det ikkje var enkelt å gi slepp på han, avsluttar Håvard Flo.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: