Velkommen Vegard Hagen!
Sogndal Fotball og Sportsklubben Brann er samde om ein overgang for Vegard Hagen! A-laget
Sogndal Fotball og Sportsklubben Brann er samde om ein overgang for midtbanespelaren Vegard Haugerud Hagen, f. 21. mai 2002! Avtalen strekkjer seg ut 2026-sesongen!
Vegard Hagen er ein allsidig midtbanespelar frå Haugesund med gode offensive kvalitetar. Fotballkarriera byrja i barndomsklubben Haugar, men allereie som 16-åring spelte han kampar i nasjonal serie for Haugesund. I februar 2018 meldte han overgang til Rogalandsklubben, og fekk spele kampar på nasjonalt juniornivå i tillegg til 4. divisjon for Haugesund 2. I 2020 debuterte han for Haugesund sitt A-lag i ein treningskamp, og noterte seg i tillegg for scoring.
Året etter flytta Hagen til Bergen for å studere, og meldte overgang til Brann 2. Her vart han raskt ein viktig spelar og ein del av eit spennande rekruttlag. I 2022 rykka dei opp frå 3. divisjon som avdelingsvinnar, og i 2023 leverte dei gode prestasjonar og berga plassen med god margin. Det same året kom debuten for A-laget til Brann når han vart bytta inn som høgreback i ein cupkamp mot Brattvåg. Også her scora han i debuten og fastsette resultatet til 7-1-siger.
I 2024 var Hagen ein del av troppen til Brann som reiste på treningsleir til Marbella. Der imponerte han stort og hausta gode ord frå tidlegare Brann-trenar Eirik Horneland. Diverre vart vårsesongen prega av opptrening etter operasjon, men på hausten var han tilbake som visekaptein for eit Brann 2-lag som satte rekordar. Sesongen enda med ein imponerande 6. plass i PostNord-ligaen og 38 poeng. Det er ny poengrekord for 2. lag på det nivået og ein sterk prestasjon av eit ungt lag. No er me veldig glade for at Vegard Hagen tek steget opp til OBOS-ligaen og held fram karriera si i Sogndal!
Den fyrste signeringa under Luis Pimenta er i boks, og portugisaren er glad for å ha Vegard Hagen på plass:
- Vegard er ein spelar som har ein fantastisk mentalitet. Han sparar ikkje på noko, og det passar den kulturen me har og ønskjer å bygge. Han skal passe systemet vårt veldig godt fordi han likar å spele på små områder, og har i tillegg fysisk kapasitet til å dekke store delar av bana. Han er hardtarbeidande og me veit at han kan spele i fleire roller på midtbana vår, fortel Pimenta.
Vegard er allereie på plass i Sogndal, og gjennomførte si fyrste trening under Luis Pimenta i dag. Han fortel om eit godt inntrykk av klubben:
- Sogndal har alltid vore ein klubb eg har kjent til og som eg har eit godt inntrykk av. Fasilitetane i klubben er veldig profesjonelle og eg gler meg til å spele her.
Og det blei eit gjensyn med ein tidlegare lagkamerat når han møtte resten av spelargruppa i dag:
- Eg kjenner Kasper Skaanes frå før etter nokre sesongar i Brann. Han spelte litt med oss på Brann 2 i 2021 og 2022. Luis [Pimenta] kjenner eg ikkje personleg, men eg har høyrt mykje bra om han frå mine tidlegare lagkameratar som spelte for han på landslaget. Me hadde ein god samtale i desember når eg var på besøk i Sogndal.
Me gler oss veldig til å sjå Vegard i aksjon, og er glade for at han no er svart og kvit! Velkommen til Saftbygda!
STAO NO PAO!