Velkommen Yoro Ba!

Sogndal Fotball og Tromsø IL er samde om ein låneavtale for Yoro Ba!

Sogndal Fotball og Tromsø IL er samde om ein låneavtale for angrepsspelar Yoro Ba, f. 31. desember 2005! Avtalen strekkjer seg ut 2024-sesongen!

Yoro Ba er ein senegalesisk spiss som framleis berre er 18 år. I januar vart han henta til Tromsø frå Academie Bloc 16 Diamamague i Senegal. Han er ein ung og spennande spiss med eit stort potensiale, og no er han klar for å prøve seg i Sogndal. Sportssjef Terje Skjeldestad fortel at ein ønska å få inn meir konkurranse framover i bana:

- Yoro Ba er ein spiss som Tromsø henta i vinter. Han har ikkje fått så mykje speletid der, og han har primært spelt for andrelaget. Me har ønska å å få inn friskt blod og å auke konkurransen på topp. Yoro er ein litt annan profil enn dei spissane me allereie har, og me trur han kan gi oss fleire strengar å spele på.

Yoro Ba på dagens trening
Yoro Ba på dagens trening

Yoro Ba står førebels berre med 1 offisiell kamp for A-laget til Tromsø og har ikkje klart å konkurrere seg inn i laget den fyrste halve sesongen i Norge. I mellomtida har han spelt 15 kampar for Tromsø 2, og scora heile 22 mål. I tillegg til andrelaget har han spelt 7 kampar for G19 og scora 5 mål. Det er ingen tvil om at han veit kor målet står, og no er det OBOS-ligaen som er neste utfordring for senegalesaren. 

Yoro kom til Sogndal fredag kveld og har allereie gjennomført to treningar saman med laget. Han er speleklar til kampen mot Raufoss, og ein del av troppen som reiser austover etter treninga søndag.

Me ønskjer Yoro hjarteleg velkommen til Sogndal og gler oss til å sjå han i aksjon utover hausten!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: