Vellukka oppstartshelg for NG14!

Nasjonal Gutar 14 er i gang med sesongen og har gjennomført si fyrste samling i helga!

Denne helga (5.-7. januar) var NG14 spelarane, gutar f. 2010, samla for fyrste gong. Spelarane budde på Fosshaugane Campus og hadde full rulle med teoriøkter, treningar og treningskamp mot Brann G2011 søndag. På laurdag fanst det tid til ei ekstra konkurranseøkt, der vinnarlaget stakk av med gåvekort og cola-boksar frå vår gode samarbeidspartnar Meny Sogndal som og stod for nydeleg gryterett til middag. Laget fekk på laurdag slappe av på gamingsenteret til idrettssenteret A/S mellom øktene, noko som var veldig kjekt og gjorde at spelarane fekk kopla godt av.

Troppen ser slik ut:

  • Magdalon Sætre Veum (Sogndal)
  • Jonathan Aspevik (Lærdal)
  • Julian Heggestad (Hafslo)
  • Mats Skjeldestad (Sogndal)
  • Sivert Kvam Høyheim (Sogndal)
  • Luka Hole (Breimsbygda)
  • Oscar Bakke (Sogndal)
  • Gustav Flåten (Sogndal)
  • Kristian Sandvik (Bjørn)
  • Brage Evebø (Sogndal)
  • Brage Bakkane (Sogndal)
  • Jørgen Holen (Sogndal)
  • Valentin Solheim (Dale)
  • Andreas Eimhjellen (Sandane)
  • Mathias Af Geijerstam (Hafslo)
  • Andreas Sandvik (Bjørn)
  • Adrian Buene-Søreide (Balestrand)
  • Emil Kvam (Syril)

Kampen som runda av helga vart ein einaste opptur for gutane våre som ikkje gav seg før det stod 8-0. Stor idrett var det når Brann heiv seg rundt på kort varsel og stilte til kamp. Ein kjekk gjeng gutar og trenarar å ha på besøk!

Trenarteamet for NG14 som består av Endre Kupen (hovudtrenar), Kristian Ask (assistenttrenar), Per Einvald Aspevik (keeper trenar), Tor Magnus Cappelen (fysisk trenar) og Hans Petter Sandvik (lagleiar) oppsummera helga som lagbyggande. Gutane har verkeleg stått på og sett klubblogoen høgt både på og utanfor bana. Det har og vore eit godt samarbeid med klubbane rundt oss i høve helga!

Tusen takk til alle som bidrog!

STAO NO PAO!

Foto: Kristian Ask

Annonse fra Obos-ligaen: