Informasjon til presse

Besøkande presse? Les her!

Velkommen til Fosshaugane Campus!

Søknad om akkreditering

Alle medieaktørar må søkje om akkreditering til kvar enkelt kamp. Søknadsfrist er seinast 48 timar før kampstart. Ein vil få tilbakemelding på søknaden fortløpande. Informasjon om korleis ein sender inn søknad finn ein under:

Slik søkjer du om presseakkreditering på Fosshaugane Campus!

Parkering

Me har diverre ingen reserverte parkeringsplassar for presse, men det er fleire aktuelle plassar rundt stadion. Kartet under viser ein oversikt over kor det er mogleg å parkere på Fosshaugane Campus.

Kart over Fosshaugane Campus med oversikt over parkeringsplassar

Henting av akkreditering og fotovest

Akkreditering og fotovest hentast i sekreteriatet. I 2024 finn ein sekreteriatet i 1. etasje i Sognekrafttribuna (hovudtribuna). Inngang via Port 2 og tilkomst via stadionvegen. Ein kan hente akkreditering og fotovest frå 2 timar før kampstart.

Pressefasilitetar

Akkreditert presse har arbeidsrom i 3. etasje midt på Sognekrafttribuna (Presserommet) og arbeidsplassar på tribuna utanfor. Både presserommet og arbeidsplass har tilgang til internett via wifi. Påloggingsinfo er på presserommet. Arbeidsplassane ute på tribuna er merka med mediehus og namn på skrivande journalist.

Presserom og arbeidsplassar er bemanna med personell frå Sogndal Fotball minimum 1 time før kamp og 30 minutter etter kamp. Plassane kan nyttast til anlegget vert stengt om lag 2 timar etter kamp.

75 minutt før kampstart vert lagoppstillingar delt ut på presserommet/pressetribuna. Treng du anna informasjon om kampen, anlegget eller laga, ta kontakt med våre representantar.

Etter kampslutt har akkreditert presse tilgang til Mixed Zone. Her møter de representantar for begge laga og dommarar. Intervjuønskjer må meldast til medieansvarleg på sms så snart som mogleg etter kampslutt.

Mixed Zone ligg i 0. etasje ved port 3. Frå presserommet i 3. etasje kjem ein til Mixed Zone ved å gå ned trappene til 0. etasje. Spelarar og trenarar kjem ut til intervju så snart som mogleg etter kampslutt.

Pressefotografar

Fotosone er bak måla. Ein kan bevege seg i området frå sidelinja til 16-meteren under kamp. Om du ønskjer å byte side kan ein flytte seg når spelet er på motsatt banehalvdel. Ein skal ikkje vera ein hindring for verken spelarar eller dommarar, så ta omsyn.
Det er mogleg å jobbe ved spelartunnel under innmarsj.
For meir info om fotosoner, ta kontakt med medieansvarleg før kampen. 

For å kome ut på arena skal verandadør mellom kortside mot Sognahallen og Sognekrafttribuna i 1. etasje nyttast. Døra finn du ved å gå til Bakkeplassen (sjå kartet over).

Forflytning mellom dei to fotosonene skal kun skje i pausen.

 Spørsmål? Ta kontakt på [email protected]

Annonse fra Obos-ligaen: