God jul frå Sogndal Fotball
Året går mot slutten og her kjem ei julehelsing frå oss i Sogndal Fotball
Året går mot slutten og her kjem ei julehelsing frå oss i Sogndal Fotball. Sesongen 2023 er historie, me går snart inn i eit nytt år og førebuinga til det neste er godt i gang.
Sesongen gjekk ikkje slik me hadde ynskt frå det sportslege perspektivet. Ein god vårsesong ga mange positive opplevingar, men hausten vart tyngre. Sportssjef Terje Skjeldestad summerer opp sesongen slik:
"Ting blei diverre ikkje som me hadde ynskt i år. Me enda utanfor topp 6 og rykka ned med Sogndal 2. Dei nasjonale laga gjorde ein flott sesong. NG19 vann B-sluttspelet etter å ha vunne finalen mot FK Haugesund. G17 spelte seg fram til kvalifisering om opprykk til Eliteserien. Der vart diverre AAFK for sterke. Me har også fått etablert eit NG15-lag i dei nasjonale seriane. I 2024 kjem me til å ha det same tilbodet med nasjonale lag, og i tillegg så kjem det eit NG14-lag.
Sjølv om me ikkje nådde heilt opp med A-laget så hugsar nok dei fleste den offensive, framoverretta fotballen som vart spelt i store periodar fram til august. Då var det verkeleg artig å sjå på gutane. Her er det mykje Tore André og co kan byggja vidare på. Me var blant anna berre nokre få marginar og litt dyktigheit unna å sende Sarpsborg 08 ut av cupen i 4 runde.
Neste år er det sterkt ynskjeleg at me skal ha lengre og meir stabile periodar, der me er på nivå og endå betre enn me var i vårsesongen 2023. Me må fortsette å pushe toppnivået vårt, samt så MÅ me få opp botnnivået. Det blir jobba godt med å kartlegge og sjekke ut aktuelle spelarar som vil passe godt inn i Tore André sitt lag. Me håpar at me kan få på plass ein eller to før året er omme, og i januar vil det dukke opp fleire nye ansikt på Fosshaugadn. Laget byrjar med treningar 10. januar og då er sesongen i gang. Stao pao og god jul til alle saman!"
Ein del av arbeidet på sport er det utviklingsavdelinga som står for. 2023 har vore eit år med mykje aktivitet for alle laga våre. Utviklingssjef Erling Ola Fykse sumerar året slik:
«Det har blitt lagt ned ein god innsats frå våre tilsette i utviklingsavdelinga i år. Me har hatt god dialog med teamet rundt A-laget, og stor aktivitet for NG15, NG17 og NG19 gjennom sesongen. Neste års NG14 og NG15 har delteke på IFK Gøteborg Invitational Tournament, og barn frå 6-11 år har hatt treningstilbod gjennom Sogndalsakademiet. Me har hatt eit godt samarbeid med NFF Sogn og Fjordane om spelar-, trenar- og klubbutvikling, og signert ei ny avtale i år.
Neste år set kriteria for Akademiklassifiseringa endå høgare standarar for utviklingsarbeidet. Me skal auka våre standarar ytterlegare slik at me kan ta nye steg for dei komande toppspelarane. Me vil legga auka trykk på trenarutvikling der trenarutviklar Tommy Øren får ei sentral rolle. Etableringa av NG14 gjer oss endå fleire kampar på nasjonalt nivå, og hjelper oss å ta steg i utviklinga av spelarane.
Nokre høgdepunkt å trekka fram frå året er at Mathias Øren og Joakim Berg Nundal har fått proffkontrakt. I tillegg har Marius Årøy, Andreas Kalstad og Johannes Konstanli-Lødemel fått speletid for A-laget. Daniel Sætren, Mathias Øren, Kristoffer Steinset og Erik Flataker har spelt kampar med flagget på brystet, og Emil Hillestad og Khadar Ibrahim har delteke på Equinor Talentleir. Sist, men ikkje minst: NG19 vann B-sluttspelet etter finalesiger mot Haugesund.
Tusen takk til alle som kjem på kampane på Fosshaugane Campus, som følgjer oss på bortekampar og som legg ned ein frivillig innsats gjennom året! Me gler oss til 2024 og er klar til å gje alt me har!»
Det er utfordrande tider økonomisk, og å sikre klubben inntekter er ei viktig oppgåve. 2023 har vore eit aktivt og innhaldsrikt år for marknadsavdelinga i klubben. Marknadssjef Terje Teigen summerar året slik:
«Sogndal Fotball vil få takke alle i næringslivet som er med å bidra til at me kan ha eit lag i toppen av norsk fotball her inne i «vesle» Saftbygda. Totalt er me blitt nesten 120 ulike bedrifter i nettverket og i 2023 har me hatt ulike samlingar i lag både på og utanfor Fosshaugane Campus. Me har blant anna hatt 5 sponsorfrukostar i lag med Sogndal FK Damer. Desse har blitt arrangert på HVL kantina, Quality Sogndal Hotel, Lerum, Toyota Sogn og på Meny Sogndal. Etterkvart har desse morgonstundene blitt veldig populære der me har hatt innlegg frå Tore André og Sport, samt fått informasjon frå ulike bedrifter. Dette vil me halde fram med neste sesong.
På kampdag har me også samla næringslivet til losje før avspark. Losjane har me arrangert på stadion der me har hatt besøk av laga sine trenarar og fått prata godt i lag medan me et og gler oss til kamp. I år har me og oppgradert LED-banner på langside på stadion slik at visninga av reklamen har fått eit skikkeleg ansiktsløft. Dette er noko våre partnarar har satt stor pris på. Me har og etterkvart fått mange spennande produkt som me tilbyr dei som ynskjer å bli med i nettverket. Alt i alt ein fin sesong med mange fine stunder i lag med næringslivet. Me gler oss sjølvsagt til ein ny spennande sesong der me skal finne på mykje moro utanfor bana. God jul!»
Tidlegare i år kunne ein lese om tidenes aktivitetsår på Fosshaugane Campus. Me vil nok ein gong takke alle frivillige som har bidrege i år. De er fantastiske! Arrangementssjef Geir Inge Heggestad summerar året slik:
«Eit stort arrangementsår er over med rekorddeltaking både på Lerum Cup og Kiwi Bama Cup. Dette er turneringar der me er avhengig av alle tilsette og ikkje minst ein fantastisk innsats frå dei frivillige. I tillegg har me OBOS-kampar, kampar i nasjonal serie, Norsk Tipping-kampar, Stookafestival, og mange mindre arrangement som er med å gjere Fosshaugane Campus til den største møteplassen i Sogn og Fjordane.
Me er allereie godt i gang med planlegginga av ein ny sesong og FOR ein OBOS-liga det kjem til å bli. Publikumslag som Vålerenga, Ålesund og Stabæk kjem på besøk til oss. I tillegg kjem Brann og skal møte oss i generalprøven i slutten av mars. Lerum Cup 21-24 juni må kryssast ut i alle kalendrar, då sommarens vakraste fotballeventyr igjen skal samle barn og unge frå heile Vestlandet. Igjen så ynskjer eg å takke alle dei som har bidratt til at me kan arrangere små og store opplevingar for barn og vaksne.»
Som avslutning på denne julehelsinga kjem nokre ord frå dagleg leiar, Lars-Olav Hausberg:
«Fyrst og fremst vil eg takka alle dykk med hjartet i klubben for støtte gjennom 2023! Støtte på tribuna i kamp, støtte til gjennomføring av arrangement og ikkje minst takk for engasjementet de alle syner over det me prøver å skapa saman for fotballen, bygda og regionen. Me ser tilbake på eit 2023 der me fekk bygd vidare på grunnfjellet som skal definere klubben inn i framtida, sjølv om ikkje dei sportslege resultata var slik me hadde håpa så fekk me mange gode svar på at retninga me har staka ut er rett. Som eit av høgdepunkta frå 2023 vil eg trekkje fram prosjektet «Jenter Vil Mer» der me saman med Sparebanken Vest verkeleg har byrja setje fokus på å leggje til rette for at jentene kan leve ut sine ambisjonar og draumar som fotballspelarar. Dette prosjektet skal me fortsetje å forsterke i eigen klubb og i regionen inn i det nye året. Saman med å nytte meir ressursar inn mot breiddefotballen i klubben, så er eg trygg på at me skal leggje til rette for gode fotballopplevingar uansett alder og nivå og i 2024.
Når no julefreden senkar seg over Fosshaugane så håpar eg alle saman får senka skuldrene og lada batteria. Det treng me no for 2024 vil vera eit nytt år med knallhard jobbing, me skal byggje litt på nytt i A-laget, og me skal fortsetje å vera ein utviklingsarena for unge fotballspelarar. Me kjem til å ha stort fokus på, og jobbe med, kultur i heile klubben og me skal fortsetje og fornye oss og tilpasse oss den nye fotballverda. Samstundes med fornying skal me jobbe knallhardt for å finne tilbake til det som har gjort Sogndal Fotball så unikt og som har gjort at me har vore ein del av toppfotballen i Noreg i snart 48 år. Me gler oss til 2024, det blir eit spanande år for klubben, håpar å sjå så mange som mogeleg av dykk enten på kamp eller på eit av dei andre arrangementa me skal gjennomføre i 2024.»
Sogndal Fotball ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nyttår! Me sjåast igjen i 2024!
STAO NO PAO!
Foto: Martin Salbu, Rune Sjøberg, Ariel Lillestøl og Terje Teigen