Runde 28: Sogndal - Åsane

Ny viktig kamp i OBOS-ligaen når Åsane kjem på besøk til Fosshaugadn!

Sogndal - Åsane

  • Laurdag 26. oktober kl. 16:00

  • Fosshaugane Campus

  • OBOS-ligaen 2024, runde 28

Tapsrekka er broten, me fekk med oss eit viktig poeng mot Mjøndalen og no ventar Åsane på Fosshaugadn. Det blir ein ny tøff kamp, men me har stor tru på eit godt resultat og karadn jaktar siger!

Åsane har hatt ein sesong på nedre halvdel av tabellen og i dei siste kampane handlar det om å berge plassen i OBOS-ligaen. Morten Røssland byrja sesongen som trenar for dei oransje, men i løpet av sesongen har Eirik Bakke overtatt hovudtrenaransvaret. Etter trenarbytet har poengfangsten tatt seg opp og etter 27 kampar står dei med 28 poeng. Det er foreløpig nok til 13. plass og den siste trygge plassen på tabellen.

Erling Myklebust er mannen som har scora flest mål for Åsane i år med 8 scoringar. Tidlegare kjenningar av oss i Steffen Lie Skålevik og Sebastian Haugland følgjer med 6 og 5 scoringar kvar. Dei målgivande pasningane har Dennis Møller Wolfe, Didrik Fredriksen og Kristoffer Larsen tatt ansvar for, og alle tre har vore nest sist på ballen før 5 scoringar. Måla til Åsane kjem frå mange ulike hald og me må vera førebudde på laurdag.

I førre møte med Åsane enda det med poengdeling på Åsane Arena. Edmund Baidoo sendte oss i føringa i fyrsteomgang, og det såg lenge ut til å gå mot 3 poeng. Like før slutt glippa det i eigen boks og Magnus Bruun-Hanssen satte inn utlikninga. I ettertid av kampen kjendest det kanskje som eit unødvendig poengtap, og det er ingen tvil om at me går for sigeren på heimebane. Sjå høgdepunkta frå kampen her:


Vår førre kamp mot Mjøndalen var eit tydeleg steg i riktig retning, og det var berre marginar som stod i vegen for 3 poeng. Viljar Stavø fekk debuten i OBOS-ligaen og gjorde ein god figur i innhoppet. Toppscoraren for Sogndal 2 har trena med A-laget i haust og etter at han blei ein del av B-lista kunne han også få sine fyrste minutt i OBOS-ligaen! Etter gårsdagens trening fekk me ein prat med den unge målscoraren som gler seg til neste kamp på Fosshaugadn:


Det har vore ei lang rekke utan siger, men på laurdag er det på tide å gjere noko med det. Karadn tek med seg ei positiv oppleving mot Mjøndalen og skal vera 100% klare når Åsane står på motsett banehalvdel. Det er Kiwi Bama Cup i Sogndal denne helga, og me håpar det kjem mange folk for å støtte oss! Me har stor tru på at poenga blir igjen på Fosshaugadn og håpar du er klar for å kjempe om sigeren saman med oss!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: