Runde 30: Sogndal - Vålerenga

Årets siste kamp og me inviterer til publikumsfest!

Sogndal - Vålerenga

  • Laurdag 9. november kl. 16:00

  • Fosshaugane Campus

  • OBOS-ligaen 2024, runde 30

Plassen er sikra, men det er framleis ein kamp igjen før sesongen er over. No skal me avslutte sesongen med stil, og me treng dykk for å skape ein skikkeleg publikumsfest på Fosshaugadn!

Vålerenga har allereie sikra 1. plassen i OBOS-ligaen og rykker opp til Eliteserien på fyrste forsøk. I sesongstarten kom det allikevel nokre poengtap, og på dei fyrste 5 hadde dei berre vunne 1 kamp. Til tross for ein litt rotete sesongstart tok det ikkje lang tid før dei byrja å vinne fotballkampar, og etter 16. mai har dei ikkje tapt i OBOS-ligaen. Det er ingen tvil om at dei er det klart beste laget i ligaen, men me har ny sjølvtillit og skal gi dei kamp!

Vålerenga har scora heile 79 mål i årets sesong, og det er mange som har vore involvert i scoringane. Jones El-Abdellaoui og Mees Rijks delar toppscorartittelen med 13 scoringar kvar. Henrik Bjørdal og Simen Juklerød har vore nest sist på 12 og 11 scoringar og toppar lista over målgivande pasningar. Det er på heimebane dei har tatt mest poeng, men også ute på tur har dei god utteljing. 9 sigrar, 4 uavgjorte og 1 tap har gitt 31 poeng på bortebane denne sesongen.

Kampsponsor Øvrebø Fargehandel
Kampsponsor Øvrebø Fargehandel

Vårt førre møte med Vålerenga var heilt tilbake i fyrste serierunde av årets sesong. Kampen enda med poengdeling og eit sterkt poeng for vår del. Erik Flataker sendte oss i føringa i fyrsteomgang, men presset frå heimelaget vart stort og Daniel Håkans utlikna til 1-1. Sjå målet til Erik og høgdepunkta frå kampen her:



Hausten har vore tung for alle med hjarte i Sogndal Fotball, men mot Kongsvinger kom det endeleg ein opptur. Erik Flataker sikra ein særs viktig siger på overtid. No er plassen i OBOS-ligaen sikra, og den siste kampen blir ein fest med låge skuldre. Me vil sjå deg på kamp og håpar du nyttar deg av den siste sjansen til å sjå kamp på Fosshaugadn i 2024!

Etter treninga torsdag fekk me ein prat med hovudtrenar Morten Kalvenes:


Óskar Borgþórsson jobbar med å lære seg norsk, og i dag testa me kor godt han kan det nye språket. Han svarar både på korleis det var å vinne mot Kongsvinger og kjem med ei oppfordring til publikum før lørdagens kamp:


Sogndal folkehøgskule arrangerer folketog til Fosshaugadn før kampen! Dei går frå Sogndal kulturhus kl. 15:00 på laurdag og skal lage god stemning på kampen. Me håpar det er mange som ønskjer å bli med dei og gler oss til å sjå dykk!

Les meir om det flotte initiativet her!

Denne kampen er det venta mange folk på stadion og det blir stor aktivitet! Me arrangerer losje for over 200 gjester og Skraol er også open til vanleg tidspunkt. Frå kl. 14:30 kan ein tippe pauseresultat i AMFI tipset, nyte snacks og drikke og slå av ein prat med andre supportarar. I timane fram mot kampen vil også Morten Kalvenes og andre aktuelle gjester ta turen innom. Dette blir kjekt! Kom på kamp!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: