Slik var vårsesongen for utviklingsavdelinga!

Her kjem ei oversikt over arbeidet til utviklingsavdelinga i den fyrste delen av sesongen

Utviklingsavdelinga vår jobbar kvar dag med spelarutvikling, og hovudmålet er å produsere gode nok spelarar til A-laget. I denne saka får du ei oppdatering på aktiviteten dei har hatt til no i sesongen. Me følgjer spelaren frå Sogndalsakademiet til NG14, NG15, NG17 og NG19 før dei tek steget opp til Sogndal 2 og seinare A-laget.

Sogndalsakademiet

Sogndalsakademiet er eit treningstilbod for fotballspelarar mellom 6 og 12 år. I Sognahallen blir det arrangert 3 fotballtreningar i veka med variert innhald. Treningsopplegga følgjer Sogndal Fotball sin skuleringsplan, og ein har fokus på ulike element gjennom eit år. Ein har tilgang til eit eige utstyrsrom med mange moglegheiter for varierte og artige treningar.

- Det har vore god påmelding og mange deltakarar på Sogndalsakademiet i år. Me ser mykje fotballglede på trening, fortel Marianne Raad Larsen.

OBOS-Camp blir arrangert 12.-16. august og gjeld også spelarar mellom 6 og 12 år. OBOS-Camp er ein nasjonal fotballcamp. Her vil det vera fokus på positive fotballopplevingar, heilheitleg utvikling og samhandling i fokus. Her er det spelarar frå A-laget, Sogndal 2 og Sogndal FK Damer som er trenarar, og tidlegare har dette vore stor suksess.

- Det er stor pågang, og det vart raskt fullt. Me er over 120 deltakarar påmeldt, og forventar stort trøkk den kommande veka, fortel Marianne Raad Larsen.

Torgrim Hjelle Eltvik, Anton Sekkingstad og Marianne Raad Larsen
Torgrim Hjelle Eltvik, Anton Sekkingstad og Marianne Raad Larsen er ansvarlege for Sogndalakademiet!

Sogndalsakademiet er styrt av klubben, men her er det også mange idrettsstudentar som er trenarar. Dette er ein ypparleg måte å byrje som trenar, og kan vere ein fin måte å tjene seg nokre ekstra kroner ved sida av studiane.

- Å vere med som trenar her er ein fin inngang til trenaryrket. Ein gjennomfører ferdige økter og får ein plan til kvar trening. Det er også mogleg å få vere med å planlegge økter. I tillegg er det mange eksempel på trenarar som har starta i akademiet og som har fått andre trenarjobbar i Sogndal Fotball seinare, fortel Marianne Raad Larsen.

Påmelding til Sogndalsakademiet kjem på heimesida. Ta kontakt med Marianne Raad Larsen om du ønskjer å bli trenar!

NTF Elitetiltak

I april i år arrangerte me NTF Elitetiltak på Fosshaugane Campus. Dette er ei turnering for spelarar fødd i 2011, og laga som deltok var Sogndal, Brann, Åsane, Sandnes Ulf, Aalesund og Molde. Her tilbyr me overnatting på skule og hotell og matservering som ein del av pakka. Fordelen med Fosshaugane er at alt ligg tett og lett tilgjengeleg for deltakarane. Les meir om arrangementet i saka under:

- For eit fantastisk anlegg!

Det er Kristian Ask og Endre Kupen som er trenarar for denne gjengen:

- Sogndal deltok med eitt lag, og møtte god motstand i lag som har spelt saman lenger enn oss. Me leverte bra sportsleg, og fekk mange gode erfaringar og læring. Det enda med 3 sigrar og 2 tap på dei 5 kampane. Det er kjekt å sjå igjen dei tinga me har jobba med i kamp, og me merkar at spelarane tek steg. I tillegg er det veldig positivt sosialt. Spelarane bur saman på Campus og finn på mykje morro saman utanom kampane. Ei kjekk helg for å bygge lag og å bli kjende, fortel trenar Kristian Ask.

Sogndal m/ hospitantar fødde i 2012 deltok også på NTF Elitetiltak, men for dette årskullet blei det arrangert på Hamar. Trenarane Atle Undlien, Torgrim Hjelle Eltvik og Martin Selle reiste saman med laget. Dette var den fyrste nasjonale turneringa for denne gjengen, og det gjer mykje læring. Dette er siste steg før ein eventuelt blir teken med i troppen til NG14.

- Det var ei veldig kjekk turnering. Me fekk kjenne på nivået nasjonalt, og møtte god motstand i Stabæk, Fredrikstad, Moss og KFUM Oslo. Det vart ei god oppleving sportsleg med jamne kampar. I tillegg er det ein flott sosialtur med aktivitetar og mykje morro. Me trenarane deltok også på trenarforum på Briskeby. Klubbar som Bodø/Glimt, Molde og HamKam deltok også på forumet, og det var spelarutvikling og klubbdrift som var i fokus. Me lærte mykje, og lærte også vekk mykje til dei andre klubbane, fortel trenar Atle Undlien.

Sogndal NG14 m/ Endre Kupen og Kristian Ask

Denne gjengen har deltatt i nasjonal serie for fyrste gong. Laget består av Sogndalsspelarar og hospitantar frå andre klubbar i fylket. Totalt er det ein tropp på 25 spelarar som er speleberettiga. Trenarane for laget er Endre Kupen og Kristian Ask. Per Einvald Aspevik er keepertrenar, og Hans Petter Sandvik er lagleiar. I den nasjonale serien har dei møtt Brann, Viking, Haugesund, Sandnes Ulf, Bryne og Åsane. Som ein del av Sogndal NG14, og alle dei andre laga lærer spelarane seg korleis det er å vere Sogndalsspelar både på og utanfor bana. Treningskvardagen er bygd opp på same måte som A-laget, og ein innfører både system og treningsmetodar allereie her.

- Det er ei god gruppe sosialt. Me har merka stor sportsleg og personleg utvikling hjå spelarane. Spelargruppa består i hovudsak av spelarar fødd i 2010, men me har også nokre som er fødd i 2011. Det har vore ein veldig lærerik vårsesong med denne gjengen, fortel trenar Kristian Ask.

Endre Kupen og Kristian Ask
Endre Kupen og Kristian Ask er trenarar for Sogndal NG14!

Sogndal NG15 m/ Atle Undlien, Torgrim Hjelle Eltvik, Anton Sekkingstad og Martin Selle

Sidan det er fyrste sesong Sogndal Fotball deltek med NG14 er det også fyrste året for spelarane på NG15 i år. Laget består av Sogndalsspelarar og hospitantar frå andre klubbar i fylket. Trenarane for laget er Atle Undlien, Torgrim Hjelle Eltvik og Anton Sekkingstad. Keepertrenar er Martin Selle, og Steinar Eggum er lagleiar.

Denne gjengen trenar 4 gonger i veka der 3 av øktene er fotballøkter og 1 er styrkeøkt. I tillegg til å delta i nasjonal serie har dei vore med på NTF Elitetiltak i Skien før sesongen. I den nasjonale serien har dei møtt Odd, Kongsvinger, Raufoss og Mjøndalen.

- På NG15 har me fokus på å lære spelarane korleis det er å vere Sogndalsspelar. Dei skal lære seg å trene riktig og å oppføre seg riktig. Difor ønskjer me å få med hospitantane så mykje som mogleg, då det er mykje nytt for dei fleste. Me har fokus på gode treningsveker, og treningsfilosofien er lik den A-laget brukar, fortel trenar Atle Undlien.

Ein er også tidleg ute når det gjeld forsking rundt ernæring og påfyll av energi før, under og etter trening.

- Me har testa Lerum sin Solbærssirup som sportsdrikke for å heve ytelse på øktene. Dette er basert på UEFA sin rapport om kva fotballspelarar treng av næring før, under og etter kamp og trening. Det er viktig at spelarane får i seg nok slik at dei kan ta steg fysisk og få best mogleg utbytte av treninga.

Martin Selle, Torgrim Hjelle Eltvik, Anton Sekkingstad og Atle Undlien er trenarar for Sogndal NG15 og Sogndal NG17
Martin Selle, Torgrim Hjelle Eltvik, Anton Sekkingstad og Atle Undlien er trenarar for Sogndal NG15 og Sogndal NG17!

Sogndal NG17 m/ Atle Undlien, Torgrim Hjelle Eltvik, Anton Sekkingstad og Martin Selle

Sogndal NG17 er i hovudsak berre ein kamparena. Laget deltek i nasjonal serie mot dei beste laga i landet, men i treningskvardagen er dei splitta. Spelarane på dette nivået trenar anten med Sogndal 2 eller med NG15, og kampane i den nasjonale serien er både ein kamparena for dei yngste på Sogndal 2, og eit mellomsteg opp for dei på NG15. Treningsmetodikken er lik på alle laga, og det er gjennkjennbart for spelarane på tvers av treningsgruppene. Også dette laget består av Sogndalsspelarar m/ hospitantar frå klubbar i fylket. I vårsesongen har dei møtt Kristiansund, Sandnes Ulf, Bryne, Brann, HamKam, Tromsø, Aalesund og Lyn.

Samarbeidsklubbar og felles for dei nasjonale laga

Felles for alle dei nasjonale laga er at me har hospitantar frå ulike samarbeidsklubbar i fylket. I nasjonal serie har spelarar frå Dale, Breimsbygda, Sandane, Balestrand, Førde, Florø, Syril, Bjørn, Hafslo, Jotun, Stryn, Lærdal og Jølster representert Sogndal.

- Dialogen med personane i desse klubbane har vore god og me opplever samarbeiet som godt. Det er kjekt at me kan tilby spelarane kampar på nasjonalt nivå, og me håpar dei har stor nytte av dette. Me har stor tru på at referansane dette gir er viktig for utviklinga deira, fortel trenar Kristian Ask på vegne av alle trenarane.

Ein anna fellesnemnar for alle laga er at trenarane er studentar ved HVL, og kombinerer studiane med trenarjobb i Sogndal Fotball. Laga bruker profesjonelle verktøy som ein del av spelarutviklinga: Trenarteama førebur seg til trening og kamp ved bruk av både video, analysar, presentasjonar og bilete. Ein følgjer skuleringsplanen til klubben, og det er difor ein samanheng mellom alt ein jobbar med. Trenarane har også tilgang på øvingsbankar. I tillegg får alle spelarane tildelt ein eigen mentor som har ektra ansvar for oppfølgjing. Mental trening er i fokus, og noko som blir meir og meir vektlagt. Alle spelarane i dei nasjonale laga har også tilgang til helseapparat for best mogleg oppfølgjing.

NG19/Sogndal 2 m/ Patrik Karoliussen og støtteapparat

NG19 og Sogndal 2 er den same gjengen og blir leia av hovudtrenar Patrik Karoliussen med støtteapparat. Full oversikt over spelarar og trenarar tilknytt Sogndal 2 finn ein her på heimesida!

Sogndal NG19 spelar i nasjonal serie, medan Sogndal 2 spelar i Kretsligaen. I nasjonal serie deltek ein no i sluttspelet og etter siger mot Bodø/Glimt er det semifinale mot anten Rosenborg eller Start som ventar. Sogndal 2 leiar Kretsligaen halvvegs, men Fjøra er berre bak på målforskjell. Det er ein tett kamp om opprykket, og Sogndal 2 har vunne alle kampane utanom bortekampen mot Høyang og uavgjort mot Fjøra. Det blir ein spennande haust der det klare målet er opprykk.

Nyleg har ein ny spelar frå Sogndal 2 fått proffkontrakt, når Andreas Kalstad signerte denne veka! Les meir om det i saka under! Andreas er det perfekte eksempelet på vegen ein spelar KAN gå for å komme seg til A-laget. Frå moderklubben Bjørn IL hospiterte han med Sogndal Fotball og deltok på Elitetiltak, treningar og kampar. Etter kvart som han vart eldre fulgte han stigen opp til NG19 og Sogndal 2. No har han fått proffkontrakt, og er ein del av A-laget etter å ha fulgt vegen gjennom heile utviklingsløpet!

Andreas Kalstad signerer proffkontrakt!

Utviklingssjef Erling Ola Fykse og Andreas Kalstad
Utviklingssjef Erling Ola Fykse og Andreas Kalstad

Denne helga byrjar haustsesongen for dei ulike laga i utviklingsavdelinga. Me ønskjer dei masse lukke til med kampane som kjem, og håpar på gode opplevingar og prestasjonar i haust! Om du ønskjer å følgje kampane blir det mad jamne mellomrom oppdatert på Sogndal Fotball Utvikling si Facebookside!

Sogndal Fotball Utvikling

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: