Vellukka Kick off saman med Sogndal FK Damer!

På torsdag arrangerte me Kick off i Skraol saman med Sogndal FK Damer!

Det var god stemning i eit fullt Skraol torsdag kveld. Saman med Sogndal FK Damer arrangerte me det årlege Kick off-arrangementet, som skal markere at me straks er i gang med årets sesong!

Konferansier Jonas Engebø leia gjestene gjennom kvelden, og gjorde ein strålande jobb. Fyrste post på programmet var det dagleg leiar Gisle Olsen som stod for, og han kunne orientere litt om status i klubben og fortelje at me gler oss til seriestarten. 

Dagleg leiar Gisle Olsen på Kick off 2025
Dagleg leiar Gisle Olsen

Draktlansering

Gjestene på Kick off var dei aller fyrste som fekk sjå vår nye drakt. Erik Flataker, Joakim Nundal og Óskar Borgþórsson fekk æra av å vise den fram til publikum. Årets drakt er kvit og svart frå topp til tå, og det var kjekt å endeleg få vise den fram!

Les meir om årets drakt her!

Utover kvelden fekk både Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer presentert årets spelartropp og støtteapparat, og Tone Bakke fortalde om status i Sogndal FK Damer nokre veker før deira seriestart. Dei siktar mot stjernene, og me heiar på dei inn i ein ny sesong!

Musikk

Det blir ikkje eit skikkeleg Kick off utan live musikk, og i år var det Ola Weel Skram som spelte nokre låtar for oss. Stao no pao og Eit folk står samla er to av våre flotte låtar, og Ola framførte dei på nydeleg vis. Tusen takk!

Ola Weel Skram framførte to låtar på Kick off
Ola Weel Skram framførte to nydelege låtar!



Intervju med kapteinar, trenarar og styreleiarar

Nokre av nøkkelpersonane i klubbane er leiarane på og utanfor bana. Kapteinsteamet beståande av Per-Egil Flo, Kasper Skaanes og Martin Høyland vart alle intervjua av konferansier Jonas Engebø. Frå Sogndal FK Damer var det Anna Grindhaug og Mia Johannesen Bakke som representerte laget sitt. Damene var offensive og siktar mot topp 2 plassering i årets sesong, og me gler oss til å sjå mykje bra fotball frå begge lag.

Hovudtrenarane Luis Pimenta og Martin Natvig kunne fortelje om oppkøyringa til laga sine, ambisjonar for sesongen og ikkje minst om dei var klare for sesongstart. Begge var tydelege på at dei gler seg, og at laga er klare for å byrje sesongen!

Også styreleiarane Tone Bakke og Jan Rune Årøy fekk spørsmål før den kommande sesongen. Dei fortalde om utfordringane klubbane møter på, og kva som blir viktig i tida framover. 

Heilt til slutt var det loddtrekking og utdeling av premiar frå våre fantastiske støttespelarar og samarbeidspartnarar. Tusen takk for bidraga!

Me vil takke Sogndal FK Damer for samarbeidet, og ønske dei masse lukke til i årets sesong. Tusen takk til alle som bidrog til at dette vart ein fantastisk kveld! Me håpar arrangementet stod til forventningane, og at alle no er klare for sesongstart!

Kjøp sesongkort her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: