Runde 18: Sogndal - Levanger
Karadn jaktar ein ny siger når Levanger kjem på besøk! A-laget
Sogndal - Levanger
-
Laurdag 10. august kl. 16:00
-
Fosshaugane Campus
-
OBOS-ligaen 2024, runde 18
Etter to sigrar på rad er karadn gira på ein ny siger når Levanger kjem på besøk. Me har med oss ei god kjensle inn mot helga, og håpar du kjem på kamp på laurdag!
Levanger fekk ein imponerande start på sesongen, og viste seg å vere eit vanskeleg lag å møte. Spesielt på heimebane var det mange lag som sleit mot vår neste motstandar. I cupen måtte både Brann og Viking reise heim med tap, og Levanger er framleis med i årets utgåve av NM. I dei siste tre kampane står Levanger med siger borte mot Raufoss, uavgjort borte mot Kongsvinger og tap heime mot Bryne. Etter 16 kampar spelt i OBOS-ligaen står dei med 19 poeng, og ligg på 11. plass på tabellen. Toppscoraren til Levanger er Sanel Bojadzic som har scora 13 mål i årets sesong. Han har ikkje scora sidan 16. juni, men er ein god spiss me må vere klar for å møte.
I vår møtte me Levanger på Tobb Arena i mai, mellom dei to imponerande sigrane deira mot Brann og Viking. Ein sjansefattig kamp enda med 0-0 og me tok med oss eit ganske sterkt poeng heim til Sogndal. I ein periode med mange tette kampar var me nøgde med å halde nullen, og å ta med oss eit poeng på bortebane. På heimebane går me for siger, og på laurdag skal karadn gi alt for å ta 3 poeng. Me har foreløpig 5 sigrar på Fosshaugadn i år, og saman med deg vil me ta nr. 6! Kom på kamp!
Sidan førre kamp har me henta to nye spelarar på lån. Jesper Bergset Robertsen kjem frå Tromsø. Les meir om vår nye høgreback i denne saka! Kristoffer Forgaard Paulsen kjem på lån frå Viking og meir om han kan du lese her! Begge to spelar i svart og kvitt ut sesongen, og me ønskjer dei hjarteleg velkommen!
Etter torsdagens trening tok me ein prat med assistenttrenar Rune Bolseth, Felix Eriksson og Andreas Kalstad som har signert proffkontrakt!
Skraol er open frå klokka 14:30, og me ønskjer alle hjarteleg velkommen! Les meir om tilbodet, og kva ein kan venta seg i denne saka!
STAO NO PAO!